Utan bilbelte med spedbarn på fanget

Statens vegvesen er sjokkerte over resultata frå fredagens bilbeltekontroll.

Av dei 686 kontrollerte, fekk 28 personar gebyr for å ha droppa bilbelte.

- Fire prosent er veldig høgt, då vi brukar å ligga rundt to prosent. Under dei ekstreme køyreforholda i dag tidleg, er dette svært skremmande. Det var stor fare for utforkøyring og kollisjonar, seier avdelingsingeniør Cato Roland i Statens vegvesen.

Ein småbarnsfamilie med to born vart stoppa.

- Ingen av foreldra hadde bilbelte. Mora sat i baksetet, med minste mann på seks månadar på fanget. Den eldste sonen på fem sat også laust, fortel Roland.

Foreldra fekk kvart sitt gebyr på 1500 kroner. Faren vart meldt til politiet for manglande sikring av born under 15 år.

Bilbeltekontrollen vart haldt i Skippergata på Hana og fylkesveg 44 på Lura, fredag kl. 09.30-14.00.

- Eigentleg har me hatt ein nedgang når det gjeld slurving med bilbelte. Dette skyldast at gebyrsatsen steig frå 750 til 1500 kroner, fortel Roland.

I tillegg fekk ein sjåfør fekk køyreforbod inn til kjettingar var på plass, og ein mangla førarkort under kontrollen.

- Det er krav på kjettingar på alle køyretøy som har tillate totalvekt over 3500 kg. På eit vogntog der bilen har ei tillate totalvekt over 3500 kilo, skal ein ha sju kjettingar, avsluttar Roland.

 

 

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Sandnes/Gjesdal

Wirak kan droppe Vatneli

Ordfører Stanley Wirak er villig til å oppgi utbygging på Vatneli, så lenge Sandnes øst totalt får plass til 40.000 nye sandnesgauker.

Danseslag i skyggen

Hvorfor være utendørs i sola når du kan være innendørs og gjøre det som er aller kjekkest?

Sandnes Ulf-FKH får streike-disp

Fagforbundet i Sandnes har gitt Sandnes kommune dispensasjon til å få gjennomført mandagens lokalderby i Sandnes idrettspark.

Fant høvdingens storstue

Etter 1500 års mørke dukket den opp av matjorda i forrige uke: En av Norges største jernaldergårder, en gang bebodd av en mektig høvding.

Taxivold opp i Høyesterett

22-åringen fikk et halvt års fengsel for å ha brukket nesen på taxisjåføren. Nå vil Høyesterett ta anken.

Webkamera Sandnes

Sandnes

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest