FOTO: Colourbox, illustrasjonsfoto
Per Isdal ved Alternativ til vold fortel at born som opplever vald i heimen kan få lågare IQ og åtferdsvanskar. Han reagerer sterkt på Stavanger tingretts frikjenning av foreldra som klapsa borna sine.
AV: monica lindanger
– Me veit at det er skadeleg å slå born. Men det er mindre skadeleg å slå ein tiåring enn ein treåring. Så små born forstår ikkje kvifor dei vert straffa, seier Per Isdal, psykolog og leiar ved behandlings- og kompetansesenteret Alternativ til vold i Stavanger.
Isdal reagerer sterkt på dommen frå Stavanger tingrett, der to foreldre vart frikjent for å ha klapsa borna sine over fleire år . Han meiner det er rystande at ei setning i dommen seier «Da barneoppdragelse med nødvendighet innebærer bruk av både fysisk makt og trusler, er det i rettspraksis utviklet unntak for visse former for trusler og maktanvendelse som skjer som ledd i barneoppdragelsen.»
Lågare IQ
Han viser til amerikansk forsking som har kome fram til at klaps i heimen reduserer borns IQ med 5 prosentpoeng.
– Fysisk avstraffing gir óg høgare risiko for lågare karakterar på skulen, kortare utdanning, skilsmisse og for å utvikla aggresjon og åtferdvanskar. Dessutan er det større sjanse for at dei kjem til å bruka fysisk avstraffing mot eigne born. I ungdomstida er det større sannsynlegheit for å bli kriminell og debutera tidleg med rus. Om foreldre visste dette ville dei nok vore meir forsiktige med å bruka vald, men eg trur mange foreldre bagatelliserer valdsbruk i barneoppdragelsen ved å kalla det klapsing, seier Isdal.
Alternativ til vold jobbar med born og foreldre som har opplevd vald i heimen. Stavanger kommune er den einaste kommunen i landet som har eit behandlingstilbod for desse gruppene.
Han fortel at heile barnebefolkninga i land der det er vanleg med fysisk avstraffing har lågare IQ enn i land der det ikkje er vanleg.
– Faktisk har norske og svenske born betre IQ-utvikling enn amerikanske born, der 94 prosent av foreldra brukar fysisk avstraffing, fortel Isdal.
Han reagerer på at rettsapparatet ikkje er kjent med denne forskinga.
– Svakheit i rettssystemet
– Dette viser at det framleis finst haldningar om at ein må bruka fysisk straff når ein oppdrar born. Haldningen gir stønad til dei foreldra som har haldnings- og aggresjonsproblem, meiner Isdal.
Likevel meiner han det her er ein svakheit i rettssystemet, og ikkje i lova:
– Her har retten valgt å tolka etter sitt eige hjarte. Retten har sagt at denne denne form for valdsbruk er greitt, og det er ikkje noko me som land bør akseptera.
Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) la i 2007 fram ei omfangsundersøking om vald og seksuelle overgreip mot born i Noreg. Den viser at 25 prosent av dei spurte borna har opplevd fysisk vald frå minst ein av foreldra sine.
– Det er mykje meir vanleg å klapsa borna her i Noreg enn me trur, sjølv om dette er uvanleg her, samanlikna med andre land. Og det er dei yngste borna, mellom to og fire år, som er mest utsett, fortel Isdal.
Han trur det kan vera mange grunnar til dette, mellom anna at det er vanskeleg å kommunisera gjennom språk med små born, i tillegg til at det kanskje er i denne perioden foreldra er mest slitne.
Kommentarer