• FOTO: Anders Minge

– Stigmatiseringa blir bare verre

Fereshté Parsian i innvandrerrådet liker ikkje advokat Brynjar Meling sitt ønskje om at det skal vera mogleg å be om kvinnelege taxisjåførar.

Leiar Fereshté Parsian i Stavanger Innvandrerråd er samd med Meling i at Stavanger Taxi må gjera alt dei kan for å finna dei ansvarlege i voldtektssakene. Likevel er ho redd frykta og stigmatiseringa berre blir verre om drosjeselskapa opnar for sjåførspesifikke bestillingar.

LES OGSÅ:

- Stavanger Taxi vil bare forsvare seg

Politiet etterforsker fem taxivoldtekter

- Fortsatt trygt med taxi

– Dersom me skal begynna å velja vekk sjåførar på grunn av kjønn eller bakgrunn, vil det skapa endå større avstandar. Dersom ein prest eller biskop i den norske kyrkja forgrip seg på nokon, betyr ikkje det at folk berre vil ha kvinnelege prestar eller biskopar, påpeiker Parsian.

Negative assosiasjonar

Ho meiner dei negative drosjeepisodane som har kome fram i media, har skapt negative assosiasjonar til ikkje-vestlege taxisjåførar over heile landet.

– No må me jobba med haldningane våre. Me må ikkje øydeleggja for dei ærlege sjåførane ved å be om kvinnelege sjåførar. Dersom me ikkje tar tak, forsterkar me dei negative normene, meiner Parsian.

Normkurs

Ho meiner drosjeselskapa må skilja mellom dei som er nye og gamle i bransjen. Parsian etterlyser eit obligatorisk kurs for nytilsette ikkje-vestlege taxisjåførar. Ho trur det kan bli enklare for sjåførane å setta seg inn i det norske samfunnet sine normer dersom dei får ei innføring før dei går inn i yrket.

– Nye ikkje-vestlige sjåførar kan fort tolka signaler frå nordmenn på feil måte. Difor må alle drosjesjåførane få eit innføringskurs for å bli kjent med det norske samfunnet sine normer. Det er kanskje for enkelt å få køyreseddel, trur Parsian.

– Flott jobb

Men ho påpeiker at dei fleste sjåførane gjer ein flott jobb, og fordrar folk til å spreie dei gode erfaringane dei har med taxisjåførar med ikkje-vestleg bakgrunn.

– Sjåførane må gjere alt dei kan for å hindra at framandfrykta får gro vidare. Ein kan ikkje begynna å skylda på at jentene var fulle eller lettkledde. Det er tross alt sjåførane sin jobb å få kundane kjem trygt heim, slår Parsian fast.

– Ikkje lov

Taxikundar har i dag ingen moglegheit for å krevja å bli henta av sjåførar med spesielle kvalifikasjonar, ifølgje nestleiar Arild Birkedal i Stavanger Taxi.

– Kundar har inga anledning til å be om kvinnelege eller etnisk norske sjåførar. Eg trur heller ikkje me ville hatt lov til å ha ei slik ordning, seier Birkedal.

Han fortel at dei nytilsette må gjennom fleire typar kurs før dei byrjar i jobben.

– Dei får ein generell innføring i holdningar og yrkespraksis. I tillegg har me starta eit samarbeidsprosjekt med utanlandske drosjeeigarar, som går på integrering, seier Birkedal.

Men han påpeiker at Stavanger Taxi vil vera varsame med å skilja mellom vestlege og ikkje-vestlege sjåførar når dei har innføringskurs.

Birkedal nektar ikkje for at det er enkelt å få køyreseddel, men påpeiker at søkjarane må gjennom mange ledd for å bli godkjent som sjåførar:

– Dei må godkjennast både av oss og av politiet. Me kan jo ikkje spå slike hendingar.

– Rasediskriminering

Dagleg leiar Tone Selkirk i Norgestaxi Stavanger fortel at dei òg har eit undervisningsopplegg for alle nytilsette sjåførar.

– Der får alle ei innføring i kva som er god oppførsel i drosjeyrket, seier Selkirk.

Ho poengterer at Norgestaxi prøver å oppfylla kundane sine ønskjer så godt det lar seg gjera.

– Folk bestemmer sjølv kva bil dei vil setta seg inn i. Men me kan ikkje etterfølgja spesifikke bestillingar om etnisk norske sjåførar. Det er rasediskriminering, påpeiker Selkirk.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Stavanger/Sola/Randaberg

MC i sommersol

Årets Hog Run, det 20. i rekken, ble arrangert i dag. I overkant av 150 sykler møtte opp til årets tur.

Cruisekrise uten lostjenesten

Når streiken trappes opp på onsdag, vil cruisetrafikken også til Stavanger stanse opp. Bare den første uken skal det komme 11 cruiseskip med 21.492 passasjerer til byen.

Badegjester i søppelhav

Søppel fløt på friområdet på Vaulen lørdag morgen. Lørdag kveld var Aftenbladet på Vaulen, da var det ingenting som vitnet om festligheter.

Samlet inn 14. 907 50 øringer til kreftsaken.

Vekten av dunken var hele 80 kilo!

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest