FOTO: Jonas Haarr Friestad
FOTO: Jonas Haarr Friestad
Rolf Florø Larsen (70) og Randi Tangen (67) fann kjærleiken på treningssenteret for eitt år sidan.
AV: charlotte steine
- Det er aldri for seint å bli forelska, seier Randi.
- Det er ingen hemmelegheit at eg er forelska. Eg trudde ikkje det var mogeleg ein gong til, men det går fint, uansett kor gammal du er, seier Rolf.
For eitt år sidan møttest paret i treningssalen på Skipper Worse Ledaal. Tangen hadde trena på senteret i nesten eitt år. Larsen jobba som treningsinstruktør.
- Det vart arrangert dans, men ingen av oss fekk gå på den fyrste. Eg snakka med ei som plar trena her om at det var trist eg ikkje fekk gått på dansen, fordi eg ikkje ville gå åleine, seier Rolf.
- Etterpå kom same dama og snakka om det same til meg. Ho bad meg spørja om Rolf ville vera med, sidan ingen av oss ville gå åleine, seier Randi.
- Då Randi spurde, svara eg at det ville vore kjekt. Dermed gjekk me på dans saman. Etter det var me på nokre jazzkveldar og konsertar. Då var det gjort. Me gjekk kvar for oss etter den fyrste kvelden, men så har det berre utvikla seg, seier Rolf.
Siste helga i januar feira paret eittårsjubileum. Larsen bur i eit hus på Randaberg og Tangen i ei leilegheit på Våland i vekedagane, men i helgene bur dei saman. I tillegg ser dei kvarandre på treningssenteret tre dagar i veka.
- Me har nok å gjera på kvar vår kant. Det er hardt å vera pensjonist. Eg forstår ikkje korleis eg hadde tid til å jobba, ler Rolf.
Vanlegvis er tysdagane fridag for paret.
- I morgon er det valentinsdag. Korleis skal de feira?
- Er det i morgon? Der fekk du noko å tenkja på, seier Randi. Ho ser på Rolf og ler.
- Eg har vore halvvegs budd på det, men det er eigentleg fridagen vår, svarar han.
- Det er unormalt for folk i vår alder å feira den dagen. Me feirar kvar dag, seier Randi.
- Ein veit aldri kva som skjer, så det gjeld å nyta kvar einaste dag, seier Rolf.
- Kva verdset de mest hos kvarandre?
- At du er den du er, svarar paret i kor.
- Dersom folk ikkje kan godta meg sånn eg er, kan det berre vera, seier Rolf.
- Du byrjar ikkje å endra på ein 70-åring. Det har me prøvd på tidlegare, ler Randi.
I helgene plar paret mellom anna å gå på konsertar, reisa på hyttetur, fiska eller gå på tur i heia.
- Me har bestemt oss for at me ikkje skal gifta oss, for me har funne ein måte som fungerer for oss, seier Rolf.
Paret har ikkje oppskrifta på korleis du kan finna kjærleiken.
- Alt handlar om tilfeldighetar. Det tok lang tid før me fann kvarandre, sjølv om me eigentleg hadde trena på same staden i nesten eitt år. Slike ting hender berre. Folk finn tonen og alt utviklar seg. Det handlar om kjemi, forklarer Rolf.
- Når du er ung startar forhold ofte med utsjånaden og eit godt fyrsteinntrykk. I den alderen me er handlar det meir om korleis personen er innvendig, legg Randi til.
- Me har vore heldige, sidan begge var åleine i mange år, seier han.
Rolf mista kona si for fleire år sidan, som einsleg hadde han berre vore på éin ferietur etter det. Då han trefte Randi fekk han att reisegleda.
- Det er fantastisk å reisa på tur saman. Me reiste til både Kreta og Spania i fjor, og det var heilt topp, seier han.
På treningssenteret er Rolf instruktør, men paret nyttar samstundes tida på senteret til å vera sosial med andre. Paret er einige om at det er viktig å koma seg ut for å finna kjærleiken.
- Eg er for uroleg til å setja meg ned i ein stol. Trening er ein livsstil og det er sosialt. Alle som er åleine bør koma seg ut. Å skulda på alderen nyttar ikkje. Det fins ingen unnskyldningar for å sitja heime. Eg kan freista med at det er mange spreke jenter her på senteret, ler Rolf.
Til 4 porsjonar:
2 egg
1,5 dl sukker
3 dl skumma kulturmjølk
3,5 dl h-mjølk
350 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts natron
1 ts vaniljesukker
1 ts kardemomme
150 g smelta smør
Slik gjer du:
Knekk egga i ein bolle. Ha i skumma kulturmjølk og mjølk. Sikt inn mjølet, ha i resten av ingrediensane og bland godt. La røra stå 5-10 minutter. Pensle vaffeljarnet godt med smør og steik vaflane til dei er gylne. Server med rømme og syltetøy, eller ost og eventuelt smør.
Oppskrift til sju vaflar:
3 egg
3 ss sukker
4 dl vann
100 g smør, mjølkefri margarin om du har mjølkeintoleranse
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
0,5 ts kardemomme
250-300 g kveitemjøl
Framgangsmåte:
Visp saman egg og sukker med ein stålvisp. Rør inn vatn og smelta smør. Ha deretter i dei tørre ingrediensane. La vaffelrøra stå og svella litt. Steik vaflar i vaffeljarn på middels varme. Bruk litt formspray i jernet mellom vaffelplatene. Server dei nysteikte med syltetøy.
Randi Tangen trena i nesten eitt år før treningsinstruktøren Rolf Florø Larsen fekk auga opp for ho. FOTO: Jonas Haarr Friestad
Kommentarer