• Forsikringsselskapa måtte ut med 5,8 milliardar kroner i brannerstatning i fjor. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Betalar ut mindre i brannerstatning

Forsikringsselskapa betalte ut 133 millionar mindre i brannerstatning i Rogaland i fjor enn i 2010.

- I Rogaland var det ein sterk nedgang i brannerstatningsutbetalingane i fjor. Gjennomsnittsgraden for størrelsen på brannane vart vesentleg redusert, seier kommunikasjonsdirektør Leif Osland i Finansnæringens fellesorganisasjon (FNO).

Tala frå FNO viser at forsikringsselskapa måtte ut med 354 millionar kroner i erstatning etter brann i 2010. I fjor var erstatningsutbetalinga nede i 221 millionar kroner. Sjølv om erstatningsutbetalinga går ned, går talet på såkalla varme brannar der det er flamme opp. Det var 616 varme brannar i 2010, medan talet steig til 657 brannar i fjor.

- Sidan erstatningsutbetalinga gjekk ned og talet på brannar gjekk litt opp viser det at det var færre store brannar i Rogaland i fjor. Den største nedgangen i brannar er knytt til næringslivet. I næringslivsbrannar vert det ofte store erstatningsbeløp, og når dei går ned viser det att på dei totale utbetalingane, seier Osland.

5,8 milliardar opp i røyk

På landsbasis måtte forsikringsselskapa ut med meir i fjor enn året før viser statistikk frå FNO. Dei totale erstatningsutbetalingane etter brannar i bustader og i næringslivet vart 5,8 milliardar kroner. Det er ein auke på 3,6 prosent frå året før. Erstatningsutbetalingane for bustadbrannar gjekk ned med 6,8 prosent, medan erstatningane for næringslivsbrannar auka med 12,2 prosent.

FNO listar opp levande lys, røyking, fyrverkeri, brennbare væsker, feil ved elektriske apparat og installasjonar eller feil bruk av desse som årsaker til mange brannar. På kjøkkenet er tørrkoking årsak til mange brannar og kjøkkenvifter fulle av feitt tek lett fyr om det vert varmeutvikling på komfyren. Osland meiner at førebyggjande tiltak er viktig.

- Mange av brannane kunne vore unngått om folk var flinkare til å passa på. Brannslokkingsapparatet må kontrollerast jamleg. Elektrisk utstyr må vedlikehaldas. Røykvarslarane må fungera fordi dei reddar liv. Hugs å byta batteri i varslarane. Elles er det viktig å vera varsam med open eld.

Hyttebrannar for 269 millionar kroner

Det var nedgang på 1,2 prosent til 269 millionar kroner i erstatninga for hyttebrannar i fjor. Ifølgje FNO har mange hyttebrannar samanheng med bruk av open eld.

- Brann i det elektriske anlegget, eller feil bruk av elektrisk utstyr er årsak til mange brannar. Hytteeigarar flest har eit nært forhold til verktøykassa, men når det gjeld straum er det både ulovleg og livsfarleg med for mykje sjølvgjort, seier Osland i ei pressemelding.

Gode råd mot brann:

  • Monter røykvarslar. Minst éin optisk varslar i kvar etasje er anbefalt.
  • Manuelt brannslokkingsutstyr er påbode og skal vera lett tilgjengeleg.
  • Kontroller jamleg at brannutstyret verkar.
  • Gjer deg og familien kjent med mogelege rømmingsvegar, lag rømmingsrutinar og gjennomfør brannøving.
  • Avtal ein fast møteplass ved brann.
  • Vurder å kjøpa ein fast brannstige om det er langt ned til bakken frå vindauge og balkong.
  • Gamle teglsteinspiper vert varme under fyring og må ikkje dekkast til med teip eller liknande.
  • Kaffitraktar og brødristar bør ikkje stå med støpselet i når dei ikkje er i bruk.
  • Tørketromlar og vaskemaskinar bør berre nyttast når du er heime. Hugs å reingjere filtera.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Stavanger/Sola/Randaberg

MC i sommersol

Årets Hog Run, det 20. i rekken, ble arrangert i dag. I overkant av 150 sykler møtte opp til årets tur.

Cruisekrise uten lostjenesten

Når streiken trappes opp på onsdag, vil cruisetrafikken også til Stavanger stanse opp. Bare den første uken skal det komme 11 cruiseskip med 21.492 passasjerer til byen.

Badegjester i søppelhav

Søppel fløt på friområdet på Vaulen lørdag morgen. Lørdag kveld var Aftenbladet på Vaulen, da var det ingenting som vitnet om festligheter.

Samlet inn 14. 907 50 øringer til kreftsaken.

Vekten av dunken var hele 80 kilo!

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Om det brenn: Hugs at menneskeliv er viktigare enn materielle verdiar.

Om du lokaliserer branntilløpet raskt, gjer berre eitt realt forsøk på å sløkka brannen.

Dersom du ikkje lukkast med sløkkinga, få med deg alle i huset ut i sikkerheit. Hugs at små barn kan finna på å gøyma seg i skap eller under senga om dei får panikk.

Ring 110 for å varsla brannvesenet. Varsle òg andre personar som kan vera i fare.

Bruk ein rømmingsveg som ikkje er fylt av røyk.

Gå rett til avtalt møteplass og sjekk at alle er på plass.

Kjelde: Finansnæringens Fellesorganisasjon

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest