FOTO: Colourbox.com
Nettstaden Godåsnakkemed.no skal læra deg å verta ein god samtalepartnar.
AV: charlotte steine
- Me vil dela erfaringar frå krisetelefonen slik at det vert lettare å vera ein samtalepartnar for vener, familie og kollegaer, seier dagleg leiar Arild Torstensen i Kirkens SOS i Rogaland.
1. februar lanserte Kirkens SOS tenesta Godåsnakkemed.no. I tillegg til nettstaden har Kirkens SOS eit kurs med same namn som skal gjera menneske tryggare på vanskelege samtalar med menneske rundt seg.
- Bakgrunnen for at me oppretta nettstaden er at me vil gjera innhaldet frå kurset me har arrangert sidan 2008 meir tilgjengeleg for folk. Kvart år snakkar og skriv me om lag 170.000 samtalar. Dette gjev oss unik kunnskap som utfordrar oss til å gjera noko for den allmenne, emosjonelle folkehelsa, seier Torstensen.
Nettstaden skal gje informasjon om korleis du kan bli ein god samtalepartnar. Du kan lytta til tre vanskelege samtalar og løysa oppgåver for å finna ut korleis den gode samtalen skal vera. På nettstaden kan du og testa kva type samtalepartnar du er sjølv.
- Menneske har godt av å snakka om problema sine, men ikkje alle finn nokon nær seg å snakka med. Tilbakemeldingane me har fått så langt er positive. Mange synest det er greitt å få tips. Sjølv om dei fleste har tenkt over dette før, er det nyttig å bevisstgjera folk, seier Torstensen.
Kirkens SOS har drive som kriseteneste sidan 1974 og har om lag 1000 frivillige medarbeidarar som svarar på førespurnadar. I tillegg til telefon, meldingar og chat om du har problem, kan du no læra å takla andre sine problem gjennom nettstaden. Nettenesta er tilgjengeleg for alle og har tips til den gode samtalen slik at du kan bli ein det er lett å koma til når andre har det vanskeleg.
Torstensen peikar på at du må lytta og høyra etter for å bli ein god samtalepartnar.
- Du må prøva å finna ut kva den andre seier, meiner, tenkjer og opplever. Det er viktig å setja av god tid og snakka om kjensler, seier Torstensen.
1. Ta deg tid til å lytta. Vis tolmod og snakk lite sjølv.
2. Vis at du lyttar og ynskjer å forstå. Gjenta gjerne det du opplever at den andre seier, for å sjekka at du har forstått det rett.
3. Lat den andre få snakka. Ikkje bruk samtalen til å koma med eigne historier og kjensler.
4. Gje ros og støtte. Ros den andre for å ta opp problemet og dela kjenslene sine med deg.
5. Hjelp til med å rydda. Prøv å dela opp og strukturera store problem.
6. Gje heller innspel enn råd. Still spørsmål som kan bidra til at den andre finn løysingar sjølv.
7. Leit etter lyspunkta. Gje styrke ved å minna om det den andre gjer bra og lukkast med.
8. Du må tola at det er stille. Det er plass til pausar i ein god samtale.
9. Avklar forventingar. Få klart kva den andre ventar du skal gjera etter samtalen.
10. Hald på hemmelegheiter. Det som skal bli mellom dykk, må bli mellom dykk. Verdset tilliten du vert vist.
Kommentarer