FOTO: Jonas Haarr Friestad
Det kostar MS «Sandnes» 30.000 kroner for å liggja til kai under Gladmatfestivalen. I 2006 var det gratis – og 30 fleire veteranbåtar.
AV: monica lindanger
Då veteranbåtane vart invitert til Gladmatfestivalen i 2006, kosta det ingenting for å liggja til kai i Vågen.
Fire år seinare er prisen 30.000 kroner. Difor har talet på veteranbåtbesøk gått ifrå 34 i 2006 til 5 i år. Dagleg leiar Alf Kåre Olavesen på MS «Sandnes» er oppgitt. Han meiner veteranbåtane har gjort så mykje for Gladmat at prisen er urimelig.
- Ikkje akseptabelt
– I 2009 måtte me trappa ned talet på båtar. Gladmaten måtte byrja å betala avgift til Havnevesenet, og prisane gjekk opp til mellom 15.000 og 30.000 kroner per båt.
Det gjorde at me brukte opp midlane me fekk for å halda veteranbåtfestival, og me måtte gløyma dette arrangementet i 2010. Dette kan me ikkje akseptera, slår Olavesen fast.
Alf Kåre Olavesen har no sendt brev til Gladmatfestivalen og Havnevesenet der han ber om ei spesifisert rekning som viser korleis Gladmat er kome fram til dette beløpet, og ei forklaring på kvifor prisen har steget så voldsomt. Men han har ikkje fått noko svar.
- Inntektspotensial
Dagleg leiar Heidi Netland Berge i Gladmat meiner alle som er med og nyt godt av festivalen må bidra økonomisk til Gladmat.
– Eg har ikkje kjennskap til deira økonomi, eg går ikkje inn i kvar enkelt sin bedrift, men eg vil tru dei har eit inntektspotensial her. Så dei bør bidra på lik line med alle telta i Vågen. Dette er nyttig for dei, i form av kunder og goder, meiner Netland Berge.
Kommentarer