• To view this page ensure that Adobe Flash Player version 10.1.0 or greater is installed.

    Get Adobe Flash player

    - Som å køyre i sukker

    Fredrik Gjerde (17) fekk testa kunnskapane sine bak rattet på sin fyrste køyretime på snøføre.

    VIDEO: Aftenbladet Video

Fyrste køyretime i snøen

Fredrik Gjerde (17) lærte å tilpassa farten og ha ei mjukare køyring då han hadde sin fyrste køyretime på snøføre fredag.

- Er det vanskelegare å køyra på snø? spør Fredrik Gjerde i det han set seg i bilen.

- Kva trur du sjølv? svarar trafikklærar Olav Prestegård i G. Haugsgjerd trafikkskole.

- Det er nok vanskelegare fordi eg må tilpassa farten meir.

- Tilpassa fart er heile problemet. Du får sjå korleis den teorien du har lært fungerer i praksis.

Viktig å samarbeida

Etter Fredrik har køyrt nokre minutt kommenterer han at det kjennest ut som han køyrer i sukker. Han får testa korleis bremsane fungerer på det glatte føret i 40 kilometer i timen og får prøva seg utan ABS-bremsar. Bilen svingar frå side til side bortover vegen.

- Me starta litt hardt og tok kløtsjen fort ut, dermed vert bilen vinglete og kan sladda. Når det er snø er det viktig å ha rolege rørsler og vera mjuk på pedalane, forklarer Prestegård.

Trafikklæraren meiner folk må vera flinke å kommunisera.

- Når det er snø er det viktig å gje og ta. Me treng ikkje alltid å stå på retten vår. Det er viktig å samarbeida, seier han

Må rekna ekstra tid

Trafikklæraren meiner folk står for seint opp når dei veit det er snø.

- Alle startar på same tid som dei plar gjera. Folk må rekna med å bruka lenger tid på å køyra når det snør. Ser du at det snør når du legg deg om kvelden bør du stå opp tidlegare, seier Prestegård.

Når snøen dekkjer vegen må bilistane ta førehandsreglar. Ifølgje trafikklæraren er det viktig å skrapa bilen før du køyrer, avpassa farten til føret og køyra roleg. Han anbefaler å velja eit høgare gir for å gjera køyringa meir komfortabel. Prestegård peikar på eit blått skilt som varslar om gangfelt.

- Du ser ikkje vegmerkinga når det er snø på vegen og må dermed følgja ekstra godt med på skiltinga. Om ein person skal over gangfeltet må du bremsa i god tid og stoppa ei billengd før gangfeltet. Om bilen bak ikkje held stor nok avstand og krasjar inn i deg er det vår bil han dyttar inn i personen i gangfeltet, seier køyrelæraren.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Stavanger/Sola/Randaberg

MC i sommersol

Årets Hog Run, det 20. i rekken, ble arrangert i dag. I overkant av 150 sykler møtte opp til årets tur.

Cruisekrise uten lostjenesten

Når streiken trappes opp på onsdag, vil cruisetrafikken også til Stavanger stanse opp. Bare den første uken skal det komme 11 cruiseskip med 21.492 passasjerer til byen.

Badegjester i søppelhav

Søppel fløt på friområdet på Vaulen lørdag morgen. Lørdag kveld var Aftenbladet på Vaulen, da var det ingenting som vitnet om festligheter.

Samlet inn 14. 907 50 øringer til kreftsaken.

Vekten av dunken var hele 80 kilo!

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest