-
Kombinasjonen av dårleg fysisk form og krevjande fysisk arbeid tredoblar risikoen for å døy av hjartesjukdom. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Tungt arbeid og dårleg form aukar dødsrisikoen
Kombinasjonen av dårleg fysisk form og krevjande fysisk arbeid tredoblar risikoen for å døy av hjartesjukdom.
AV: charlotte steine
Det viser ein studie utført av forskarar ved Det Nationale Forskningsenter for Arbeidsmiljø i Danmark (NFA). Undersøkinga følgde 5214 danske menn i alderen 40-59 år frå 14 ulike arbeidsplassar i 30 år.
I industriland har menn med lågløna arbeid og ingen eller kort utdanning generelt større risiko for å få forkalkingar i kranspulsåra og for å døy tidlegare enn menn med betre utdanning og høgare løn. Dei lågløna møter ofte høge fysiske krav i jobben. Forkalkingar i kranspulsåra er ein iskemisk hjartesjukdom som vil seia at blodtilførsla til hjartemuskelen vert nedsett. Sjukdommen kjem til syne som hjartekrampar eller hjarteinfarkt.
Tre gongar så høg risiko
Forskarane i Danmark har undersøkt om det er samanheng mellom fysisk krevjande arbeid og risikoen for å døy av hjartesjukdom hos lågløna og lågt utdanna menn med ulik fysisk form. Dårleg fysisk form vil seia lågt oksygenopptak, og ein femtedel av mennene i undersøkinga hadde dårleg fysisk form.
- Me har berre undersøkt menn med låg utdanning fordi det er få av dei som er høgt utdanna som har hardt fysisk arbeid, seier seniorforskar Andreas Holtermann i NFA.
Undersøkinga viser at menn som har tungt fysisk arbeid har tre gongar så høg risiko for å døy av hjartesjukdom samanlikna med dei som har stillesitjande arbeid. Menn med hardt fysisk arbeid har ikkje betre form enn menn med stillesitjande arbeid. Dei som har best form er menn som er aktive i fritida.
Tilrår mosjon
Risikoen for å døy av hjartesjukdom auka ikkje for mennene som hadde moderat eller god form og krevjande fysisk arbeid samanlikna med stillesitjande. Ifølgje undersøkinga har menn med dårleg form meir enn dobbelt så stor risiko for å døy av hjartesjukdom om dei arbeider meir enn 45 timar i veka. Risikoen aukar ikkje for menn som er i moderat eller god form.
Dermed konkluderer forskarane med at den avgjerande faktoren for auka risiko var mennene sin fysiske form. God fysisk form beskyttar personar med tungt fysisk arbeid mot hjartesjukdom, så forskarane anbefaler menn med hardt fysisk arbeid å mosjonera på fritida.
Les også
Stillingssøk
Valutaer, børser og olje
| Valuta | +/- | Siste |
|---|---|---|
|
|
-0,01 | 6,02 |
|
|
+0,00 | 0,84 |
|
|
-0,03 | 7,53 |
|
|
-0,03 | 9,42 |
| Børs | +/- % | Siste |
|---|---|---|
|
|
+0,09% | 392,17 |
|
|
-0,23% | 12 502,43 |
| Olje | +/- | Siste |
|---|---|---|
| Nordsjø | +0,43 | 106,98 |


Kommentarer