Oppfinnar vil frakta levande fisk

Oppfinnar Per Lyngstad frå Karmøy har utvikla ein ferskfiskcontainer som kan frakta levande fisk frå Norge til kundar i Europa.

Dermed kan levande torsk frå Norge i framtida symja rundt i kummar hos fiskehandlarar i Europa etter å ha blitt frakta dit i ein sylinderforma transporttank.

Dagleg leiar i Vestnorsk Havbrukslag, Hans Inge Algerøy, kjenner ikkje den detaljerte løysinga til oppfinnar Per Lyngstad. Han meiner likevel at oppfinninga kan bli ein sensasjon.

- Det vil vera kjempeinteressant dersom eksport av levande fisk frå Norge kan bli praktisk og økonomisk mogeleg i stor skala, meiner han.

Overvaking via satellitt
Inne i transporttanken skal ein sjå til at vatnet og miljøet elles har korrekt temperatur, trykk, oksygen- og saltinnhald. Første prototyp og generasjon av den nye ferskfisk-containeren skal kunne transportera fire tonn fisk eller skjell. I tillegg vil containeren normalt innehalda inntil 16 tonn vatn.

Frå fisken blir plassert i tanken og heilt fram til mottakar, skal ein, via satellittoverførte bilete og data, kunne følgja med korleis fisken oppfører seg og har det.

Hovudutfordringa har vore å utvikla ein metode som gjer at vatnet i tanken held seg friskt i fem døger, seier prosjektleiar for vidareutvikling av oppfinninga, Arild Skar.

Høgare fiskepris
- Dersom me greier å gjera dette effektivt i stor målstokk vil ein kunne ta ut ein høg pris i marknaden. Med ferskare fisk blir produktet av høgare kvalitet og kundane vil betala meir, seier Skar. Han viser til forsøk med sal av norsk torsk i Stockholm til 350 kroner per kilo. Hans Inge Algerøy i Vestnorsk Havbrukslag ser også størst mulegheiter for eksport av oppdrettstorsk i ferskfiskcontainer.

- Det er nå mykje torsk i produksjon samtidig som marknadsprisane er bra. Volumet innan norsk torskeoppdrett er i det heile aukande, enda meir vil koma.

Det norske fortrinnet i høve til den europeiske marknaden er nærleiken og høve til å framby fersk fisk. Dersom me jamvel kan tilby levande fisk, har me eit kjempefortrinn, seier Algerøy.

Forsøk med metoden frå Karmøy skal nå gjerast ved Universitetet for Miljø og biovitskap i Ås. Deretter er det planen å utvikla og laga ein prototype for testing i stor skala, seier prosjektleiar Arild Skar. Hittil er har Kopervik Shipping bidratt med kapital til utvikling av oppfinninga til Per Lyngstad.

Til det vidare utviklingsarbeidet vil prosjektleiaren søkja etter offentlege forskingsmidlar og investorer som ser mulegheitene i konseptet.

thomas.forde@aftenbladet.no

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid
NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Valutaer, børser og olje

Valuta +/- Siste
 
USD
+0,03 6,01
 
SEK
+0,00 0,84
 
EUR
+0,03 7,56
 
GBP
+0,05 9,44
Børs +/- % Siste
 
Oslo Børs
+0,79% 391,81
 
Dow Jones
+0,07% 12 500,39
Olje +/- Siste
Nordsjø +0,97 106,53

Hovedindeks

Siste saker