Volve ut frå Thailand

Verft i Thailand blei redninga for Vetco Aibel då modular til Volve-utbygginga skulle produserast. Nå har modulane nyss starta ei 40 dagars reise på skip til Haugesund.

HAUGESUND: Medan produksjonsskipet «Alvheim» blir bygt ferdig i dokken hos Vetco Aibel på Risøy i Haugesund, skal produksjonsriggen til Volve-feltet skli opp på sida av «Alvheim» og gjerast klart for samankopling i slutten av neste månad.

- Det var ein føresetnad for at me kunne ta på oss jobben med Volve at fabrikasjon kunne skje ved Vetco Aibels verft i Thailand, seier adm.dir. Erling Matland i Vetco Aibel. Han legg til ingeniørarbeidet likevel er gjort i Norge.

Vetco eig og driv eit verft i Thailand som mellom anna byggjer prosessmodular for fleire produksjonsskip, som skal nyttast på andre lands soklar.

Dei to prosessmodulane til Volve blei lasta om bord i skip fredag i førre veke og skal nå vera på veg til Norge. Om lag 40 døger etter skal farkosten med Volve-modulane om bord vera framme i Haugesund.

I Haugesund skal modulane monterast om bord på den oppjekkbare riggen, til Mærsk, «Mærsk Inspirer».

- Om lag 400 personar vil vera opptekne med Volve i november, seier Erling Matland. - Dette høver godt i høve til arbeidet på «Alvheim». Der vil mykje av stål- og røyrarbeidet vera ferdig når arbeidet med Volve tar til.

Dermed kan fagfolka, både innleidde og eigne fast tilsette, flyttast over. Det blir nok fullt trøkk med minst 1000 mann inne på verftet også resten av året, seier Erling Matland.

Men neste år har Vetco Aibel likevel ledig kapasitet i Haugesund.

- Me skal tidleg på nyåret starta bygging av ein modul til Sleipner B-plattforma og ein lastebøye til Romar Technology. Me ser dessutan på fleire andre aktuelle oppdrag. Statoil planlegg utbygging av Gjøa, og BP vil byggja meir på Valhall.

BP vurderer også eit produksjonsskip (FPSO) til Skarv-feltet.

thomas.forde@aftenbladet.no

Les også

Kommentarer

Plassering: 200 km vest for Stavanger

Utbygging: Produksjon frå den oppjekkbare riggen «Mærsk Inspirer», medan «Navion Saga», tilhøyrande reiarlaget Teekay, skal nyttast som lagerskip. Gassen blir sendt til Sleipner.

Investeringar: 2 milliardar kroner.

Produksjonsstart: Våren 2007

Reservar: 70 mill. fat olje, 1,5 mrd. kubikkmeter gass.

Produksjon: 50.000 fat per dag på platå.

Valutaer, børser og olje

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,02 5,75
 
SEK
+0,00 0,87
 
EUR
-0,00 7,63
 
GBP
+0,00 9,12
Børs +/- % Siste
 
Oslo Børs
+1,41% 417,21
 
Dow Jones
+0,14% 12 883,95
Olje +/- Siste
Nordsjø +0,54 117,74

Hovedindeks

Siste saker

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet