Karmøy-bedrift byggjer aluminiumsverk på Island
Framtida til aluminiumsverket på Karmøy er uviss. Men Grenland KSI i Skudeneshavn er godt i gong med ein storordre til eit nytt, gigantisk aluminiumsverk på Island.
AV: thomas førde
KARMØY: Kvar fjortande dag heilt fram til og med juni neste år skal det gå skipslaster med utstyr frå Skudeneshavn til Island.
Eit skip tilhøyrande Aasen Shipping i Bømlo er blitt spesialutrusta innvendig til å kunne ta seg av skipinga.
Produkta frå Skudeneshavn er særs plasskrevjande og må festast til spesiallaga krakkar om bord.
Konstruksjonane er i stål og skal ha fleire ulike funksjonar i det nye aluminiumsverket. Dei skal vera straumførande anodeoverbygg og skal samtidig gi automatisk dosering av viktige råstoff til kvar omn eller celle i det nye verket.
Lang røynsle frå Karmøy
Frå Skudeneshavn skal det skipast ut 337 slike konstruksjonar som skal setja det nye islandske aluminiumsverket i stand til å produsera meir enn det i dag blir gjort på Karmøy.
Grenland KSI (tidlegare Karmøy Stålindustri) har, under skiftande eigarskap, skaffa seg 40 år med røynsle frå aluminiumsindustrien.
I dag har bedrifta også vedlikehaldsavtale med Hydro på Karmøy. I tillegg til delproduksjon i verkstaden i Skudeneshavn, har Grenland KSI fleire mann engasjert i sjølve aluminiumsverket på Karmøy.
Meir aluminium
Då Hydro bygde nytt aluminiumsverk på Sunndalsøra, produserte Skudenes-bedrifta tilsvarande delar som ein gjer nå til det nye verket på Island for Alcoa. Men Island-ordren er den klart største og har ein verdi på om lag 150 millionar kroner.
- Me har god von om fleire oppdrag på Island, seier plassjefen hos Grenland KSI i Skudeneshavn, Jan Jonassen.
Han peikar på at i tillegg til Alcoas verk som nå blir bygt på Aust-Island, har både Alcan og Alcoa kvar sine planar om nye verk andre stader på Island.
Til offshoreindustrien
Men parallelt med leveringar og produksjon til aluminiumsindustrien, satsar Grenland KSI på bygging av modular til offshoreindustrien.
I Skudeneshavn byggjer ein nå separasjonsmodul til Chestnut-feltet på britisk side i Nordsjøen. Nyleg blei fleire modular til Sevan Marine si nye plattform ferdigstilte.
- Vår nisje er å tilby bygging av mindre modular til olje- og gassindustrien, seier Jonassen, som også leiger ut arbeidskraft til store leverandørbedrifter i offshoreindustrien.
Les også
40 år: Tidlegare Karmøy Stålindustri. Har eksistert i over 40 år under ulike eigarar.
Eigarar: Grenland Group der den profilerte Hallgeir Skogen frå Langesund er største eigar. Grenland Group omsette for over 1,1 mrd. kroner i 2005.
Tilsette: 120 fast tilsette pluss 50 innleigde, flest frå Romania.
Underleverandørar: Eiga avdeling i Polen som koordinerer stålarbeid ved ulike polske verkstader. Har nyleg etablert eiga avdeling i Kina.
Omsetnad: 165 mill. kroner i 2005
Resultat: Minus kr. 600 000 i 2005
Stillingssøk
Valutaer, børser og olje
| Valuta | +/- | Siste |
|---|---|---|
|
|
-0,02 | 5,75 |
|
|
+0,00 | 0,87 |
|
|
-0,00 | 7,63 |
|
|
+0,00 | 9,12 |
| Børs | +/- % | Siste |
|---|---|---|
|
|
+1,41% | 417,21 |
|
|
+0,14% | 12 883,95 |
| Olje | +/- | Siste |
|---|---|---|
| Nordsjø | +0,54 | 117,74 |
Hovedindeks
Siste saker
- Jærbu til topps i Nutreco
- Skjerpet tone i retten
- Pluss for Orkla tross vanskelig marked
- 600.000 kroner i bonus til alle Skagen-ansatte
- - God havovervåking er alfa og omega
- Flere tråkker i luksusfella
- Lunde vil klage til riksadvokaten
- Lei jobben? Finn et helt nytt yrke!
- Tok spranget fra staten til Yoga
- – Oljemilliardar er ikkje subsidiar
Kommentarer