Ny Bellona-rapport:

- Straum til sokkelen billegare enn OD trur

Prisen for å forsyna sokkelen med straum frå fastlandet blir berre ein fjerdedel av det Oljedirektoratet (OD) tidlegare har gått ut med, hevdar Bellona i ein fersk studie.

Med nye kostnadstal for elektrifisering av sokkelen, går Frederic Hauge til frontalangrep på oljedirektoratet med direktør Gunnar Berge i spissen. Berge meiner det vil bli svært kostbart å erstatta forureinande gassturbinar på norsk sokkel med rein straum frå land, og hevdar at dette heller ikkje har ein opplagt miljøgevinst.

- Regjeringa kan ikkje ta utgangspunkt i at elektrifiseringa er så dyr som OD hevdar. Denne saka illustrerer kor dårleg avgjerdsgrunnlag regjeringa har for å laga sektorvise klimaplanar, seier Frederic Hauge til Aftenbladet. Han krev at regjeringa må gjera utrekningane på nytt, før dei fattar viktige avgjerder i klimapolitikken.

Billegare

Det er fem år sidan Oljedirektoratet la fram rapporten «Kraftforsyning fra land til sokkelen», saman med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Her går det fram at tiltakskostnaden for CO2-reduksjon er 981 kroner per tonn ved elektrifisering for Sørlige Nordsjø (Ekofisk og Eldfisk).

- Prisen for elektrifisering av dette området vil i dag bli langt billegare, meiner Frederic Hauge. Bellona viser i studien korleis dei kjem fram til ein tiltakskostnad på 200 til 250 kroner per tonn spart CO2. Prisen tar utgangspunkt i ein kraftpris for rein kraft på 40 øre/kWh og at NOx-avgifta i 2011 vil liggja på 45 kroner per tonn (mot 15 i dag).

- Me har lagt oss på ei rimeleg konservativ linje, og har for eksempel plussa på prisen for kablar med 20 prosent, seier Hauge. I rapporten skriv Bellona at dei ikkje vil påstå at analysen er 100 prosent rett, blant anna fordi den baserer seg på gamle prognosar for CO2-utslepp og NOx.

- Det er eit problem at OD og olje- og energidepartementet ikkje synleggjer betre korleis dei har komme fram til sine tal, seier Hauge.

Samtidig som viktige føresetnader, som gassprisen, er endra, meiner Bellona at OD også har lagt feil føresetnader til grunn for sitt reknestykke. - Gassturbinane er mindre effektive enn OD går ut frå, seier Frederic Hauge.

Gasskraft på land

Strømmen som skal gå i kablar ut til sokkelen, vil Bellona henta frå gasskraftverk med CO2-reinsing på land eller frå straumnettet. Bellona har gått ut frå ein langt høgare straumpris enn dagens, og har også tatt høgde for prisstiging. Bellona er opptekne av at ei elektrifisering av sokkelen vil gje lågare NOx-utslepp, i tillegg til klimagasskutt. Petroleumsverksemda står for rundt ein fjerdel av dei norske NOx-utsleppa.

- Eg ser ikkje korleis regjeringa elles skal kunna gjennomføra Göteborg-protokollen, utan bortimot å rasera kysttrafikken. Og det er ingen kvotar å få kjøpt for NOx, understrekar Frederic Hauge. Ifølgje Bellona sine tal, vil utsleppa av NOx (nitrigenoksider) vil gå ned med 4600 tonn dersom om sørlege delen av sokkelen og Oseberg-feltet blir elektrifisert. Studien viser dessutan at CO2-reduksjonen vil bli på 1,3 millioner tonn for dei to felta.

- Me har ikkje rekna på Norskehavet, fordi me veit at Statoil og Shell her gjer vurderingar i samband med Tjelbergodden, seier Hauge.

På bakgrunn av utrekningane frå Bellona, tar Gunnar Kvassheim (Venstre) opp spørsmålet om elektrifisering av eksisterande offshoreinstallasjonar med olje- og energiminister Odd Roger Enoksen (Sp). Kvassheim spør om det blir ein ny gjennomgang av kostnadene ved dette sterkt NOx-reduserande klimatiltaket.

turid.furdal@aftenbladet.no

Les også

Siste fra Økonomi

Fakta:

Det er installert energianlegg med en samlet effekt på om lag 4250 megawatt (MW) på norsk sokkel.

Dette tilsvarer 8-10 gasskraftanlegg på størrelse med Kårstø.

Det blir produsert omtrent 21 terawattimer elektrisk kraft på sokkelen.

Til sammenligning var produksjonen av elektrisk kraft på det norske fastland i 2006 rundt 121 terawattimer.

Kilde: Oljedirektoratet

Relaterte bilder

Gassturbinar (mini-gasskraftverk med låg effektivitet) forsyner Ekofisk og dei fleste andre norske olje- og gassinnstallasjonar med straum og annan energi. FOTO: Fredrik Refvem

Siste saker