-
FOTO: Jonas Haarr Friestad
Kårstø-leiinga fryktar stans
Statsministeren har uttalt at ein må betala for kvart gram CO2 som blir sleppt ut ved det nye gasskraftverket på Kårstø. Det kan bety at gasskraftverket må leggja ned.
AV: thomas førde
I Stortingets spørjetime i sist veke sa statsministeren – ifølgje Stortingstidende – at det må betalast for heile CO 2-utsleppet frå gasskraftverket.
Spørsmålet er, ifølgje Stoltenberg, om staten eller kraftselskapet skal betala. På dette spørsmålet gav ikkje Stoltenberg noko svar.
Til Kanal 24, 1. november, skal Stoltenberg ha sagt: «Gasskraftverkene på Mongstad og Kårstø vil måtte kjøpe utslippskvoter for kvart gram CO 2 de slipper ut».
Som i EU
Leiinga av gasskraftverket på Kårstø har derimot heilt inntil det siste rekna med å få same vilkår som nye gasskraftverk får innanfor EU.
Det vil seia at kraftverket får tildelt gratis utsleppskvotar for 75 prosent av samla årleg CO 2-utslepp.
– Stoltenberg-regjeringa, som overtok då Bondevik gjekk av i 2000, overtok nettopp fordi norske gasskraftverk ikkje skulle få andre vilkår enn elles i Europa, seier informasjonssjef hos Naturkraft på Kårstø, Geir Fuglseth.
200 kroner per tonn
Eit kvart tonn med CO 2 vil i det nye kvotehandelsregime i EU, som Norge skal slutta seg til frå årsskiftet, kosta om lag 200 kroner.
Ettersom gasskraftverket på Kårstø vil sleppa ut årleg 1,2 millionar tonn, vil Naturkraft få ei ekstrarekning på over 200 millionar kroner dersom gasskraftverket må betala for kvart tonn CO 2.
Ekstrarekninga blir derimot på 50 millionar tonn dersom kraftverket får tildelt gratiskvotar for 75 prosent av utsleppet.
Vanskeleg å driva
– Vil de kunne driva kraftverket lønnsamt med ein slik ekstrakostnad, informasjonssjef Geir Fuglseth?
– Det blir vanskeleg, er Fuglseths knappe kommentar. Han viser elles til eigarane bak Naturkraft, Statkraft og StatoilHydro når det gjeld kommersielle spørsmål.
Uansvarleg
Men Fuglseth legg til at Naturkraft nå avventar utspel frå styresmaktene.
– Det er nærast uansvarleg seint når nye vilkår, som skal gjelda frå årsskifte, ennå ikkje er fastlagde, seier Fuglseth.
Han peikar på at Statkraft også eig eit nyopna gasskraftverk i Tyskland, som får gratis kvote for 75 prosent av sine utslepp av CO 2.
– Dette kraftverket påverkar det same globale klima, brukar den same norske naturgassen og konkurrerer i den same el-marknaden som Naturkraft på Kårstø, seier Fuglseth.
På høyring
«Regjeringen arbeider med regelverket for kvotereserven i tråd med forskriftshjemmelen i loven. Vi tar sikte på at dette blir sendt på høring om kort tid».
Det er informasjonssjefen i Miljøverndepartementet, Jon Berg som skriv dette som svar på Aftenbladets etterlysing av nye vilkår.
Berg skriv vidare: «Klimakvoteloven seier at de som skal få kvotar er 'gasskraftverk som skal basere seg på reinsing, og høyeffektive kraftvarmeverk med konsesjon'».
Lovprising og strid
– Gasskraftveret oppfyller ingen av desse kriteria, seier stortingsrepresentant frå Frp og Rogaland, Ketil Solvik-Olsen. Han fryktar at rekninga som kjem til Naturkraft etter årsskiftet blir så høg at gasskraftverket ikkje kan drivast lønnsamt.
Solvik-Olsen viser til at næringsminister Andersen var nyleg på Kårstø og opna det nye gasskraftverket som han lovpriste som det reinaste og mest effektive i verda og at opninga markerte eit nytt kapittel i norsk energihistorie.
– Næringsministeren sa og at gasskraftverket var miljøvennleg som alternativ til importert kolkraft.
På denne bakgrunn er eg skuffa over at statsministeren ikkje vågar å skjera gjennom. Det er tydeleg ein intens dragkamp i regjeringa i denne saka, seier Solvik-Olsen.
Les også
Gasskraftverket på Kårstø veit i dag ikkje om dei må betala 200 millionar kroner eller berre 50 millionar for utsleppa av CO 2 neste år.
Relaterte bilder
«Gasskraftverkene på Mongstad og Kårstø vil måtte kjøpe utslippskvoter for kvart gram CO2 de slipper ut», skal Jens Stoltenberg ha sagt. FOTO: Cornelius Poppe, Scanpix
Stillingssøk
Valutaer, børser og olje
| Valuta | +/- | Siste |
|---|---|---|
|
|
-0,01 | 5,75 |
|
|
+0,00 | 0,87 |
|
|
+0,01 | 7,65 |
|
|
-0,00 | 9,11 |
| Børs | +/- % | Siste |
|---|---|---|
|
|
+1,14% | 416,07 |
|
|
-0,02% | 12 881,53 |
| Olje | +/- | Siste |
|---|---|---|
| Nordsjø | +0,89 | 118,09 |
Hovedindeks
Siste saker
- Coca-Cola kutter 400-500 arbeidsplasser i Norge
- Jærbu til topps i Nutreco
- Skjerpet tone i retten
- Pluss for Orkla tross vanskelig marked
- 600.000 kroner i bonus til alle Skagen-ansatte
- - God havovervåking er alfa og omega
- Flere tråkker i luksusfella
- Lunde vil klage til riksadvokaten
- Lei jobben? Finn et helt nytt yrke!
- Tok spranget fra staten til Yoga
Kommentarer