Solhjell slår tilbake på Høgre sin kritikk av SV-skulen

– Brødskiver og SFO er viktig

Høgre er firkanta, KrF gamaldags og Venstre har ikkje forstått at hovudet heng saman med kroppen. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell er lei av desse partia sin kritikk av SV og regjeringa sine planar om heildagskule, og går nå til motåtak.

Det skjedde i talen hans på SV sitt landsmøte laurdag:

Firkanta

–Det verste er firkanta politikarar som hevdar at trivsel ikkje spelar noko særleg rolle, sa Solhjell med klar adresse til Høgre: –Sjøl eit barn, ja kanskje særleg eit barn, veit at det spelar ei rolle. Dersom barn skal læra noko, må me fjerna mobbing og ekskludering og sørgja for at ungar er trygge. Trivsel og kunnskap heng saman.

Les også: Kreativitet skal bli nytt fag i skulen

Les også: Barn som treng hjelp skal få det

Redusert til eit tal

–Firkanta politikk er også dei som har sett i gong eit prosjekt der skal ta ein 5-åring si språklege og motoriske utvikling, liv og barnsligheit og redusera det til eit tal, sa Solhjell og viste til at skulebyråden frå Høgre i Oslo har sett i gong eit prosjekt der ein skal koma fram til eit tal pr. barn som skal måla kva nivå dei er på når dei startar på skulen.

– Ikkje misforstå; me skal ha kartlegging, men det er ikkje sånn at di meir me testar, dess meir kunnskap får me ut. Det er bra med salt på maten, men det blir ikkje bra om heller ut heile saltbøssa, Solhjell verkeleg gneid det inn.

Reform

Fleire skuletimar, med fysisk aktivitet kvar dag midt på dagen, med mat og meir leksehjelp er ein viktig del av det som skal vera SV si skulereform framover. De tre andre elementa er å gjera skulen meir kreativ og praktisk og sørgja for at barn som treng hjelp får hjelp tidlegare.

Ikkje viktig?

Uviktig og feil satsing har vore Høgre sin kritikk av dette. –Skulen står overfor store utfordringar. Kva gjer regjeringa og kunnskapsministeren frå SV? Jo, foreslår ei «oppvekstreform» som handlar om ein gratis time i SFO og brødskiver. I staden for å bruka milliardar på SFO og brødskiver vil Høgre bruka pengane på fleire og meir kompetente lærarar, som Ine Marie Eriksen Søreide uttrykte det på årsmøtet i Rogaland Høgre tidlegare i år.

Folkehelsa

-Jauvisst er det viktig, understreka Solhjell frå talarstolen på SV-landsmøtet: –Me sit på tung dokumentasjon om samanhengen mellom fysisk aktivitet, kosthald og læring, Meir fysisk aktivitet er ekstremt viktig for folkehelsa. I 2002–09 dobla pengebruken i Norge på sjukehusa, men me har ikkje sørgja for at ungane er aktive kvar dag. Før me gjer den neste doblinga, skal me i alle fall sørgja for at ungane får den fysiske aktiviteten dei treng.

SFO

–Me skal ta tak i SFO som er stemoderleg behandla. Mange stader er SFO like dyrt som barnehageplass, held Solhjell fram. SV vil innføra ein gratis time i SFO og få ned prisen på dei andre timane, samt innføra ein kvalitetsstandard.

Solhjell viste også til at forsøk som er gjort med utvida skuledag viser at lærarar, rektor, lærarar og elevar er strålande nøgde med dette.

Heim til mor

Solhjell meiner KrF er gamaldagse som strittar mot utvida skuledag og heildagsskule: –Trur verkeleg KrF at alternativet er at ungane spring heim til ei forklekledd mor som ventar heime med nysteikte bollar og at ungane etterpå kan springa ut i ei gate som vrimlar av ungar og slå ball? Nei! Ni av ti 1. og 2.-klassingar går på SFO i dag. Me snakkar ikkje om ein lengre skuledag for dei fleste, me snakkar om ein betre dag! understreka Solhjell.

«Lille-Høyre»

Solhjell let også Venstre få gjennomgå, eller «Lille-Høyre» som han kalla Sponheims parti: –Eg slit med forstå at eit parti er mot at me treng meir fysisk aktivitet i skulen. Veit dei ikkje at kropp og hovud heng saman? Tenkjer dei berre på kroppen som transportreidskap for hovudet mellom timane? fyrte Solhjell laus.

Forskjellar

Han gav seg ikkje:

– Mat, fysisk aktivitet og lekser er foreldra sitt ansvar, blir det sagt (av Høgre, Venstre og KrF).

– Ja, men det tyder ikkje at skulen sitt ansvar bør stoppa her. Skulen har eit tilleggsansvar. Utan forsterkar me dei sosiale forskjellane. Men Høgre har nå alltid vore mot alle nye rettar og velferdsreformer som har styrka omfordeling, konstaterte Solhjell som forutan å vera kunnskapsminister er nestleiar i SV.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Politikk

Ap og Høyre fram, Frp i fall på ny måling

Arbeiderpartiet og Høyre er nesten jevnstore med en oppslutning på henholdsvis 31,7 og 30,2 prosent, mens Fremskrittspartiet faller til 17,4 prosent. Det viser en måling som Norstat har laget for Vårt Land.

Borgli vil ikke på Stortinget

Pål Morten Borgli (Frp) har svart nominasjonskomiteen at han vil fullføre sin oppgave i Sandnes.

Twitter-støtte til Solvik-Olsen

Flere skriver på Twitter at Frp svekkes om Ketil Solvik-Olsen gir seg på Stortinget.

- Ketil må finne ut av dette

Frp-leder Siv Jensen vil ikke legge press på Ketil Solvik-Olsen, men sier at Frp legger vekt på å være fleksibelt.

Høyre er landets største parti

Høyre går fram 3,1 prosentpoeng til 35 prosent og posisjonerer seg som landets største parti. Det viser en måling som InFact har laget for VG.

Relaterte bilder

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV). FOTO: Scanpix

FOTO: Scanpix

Samlesider politikk

Bompengefylket Rogaland Rogfast Bybane Ryfast

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest