Ketil Solvik-Olsen (Frp):

- Eg er ikkje redd muslimar

Ketil Solvik-Olsen (Frp) tek i dette intervjuet eit oppgjer med framandfrykt og fordommar blant veljarane, samstundes som han forsvarar Siv Jensen sin omstridde landsstyretale.

- Kor glad er du for at Siv Jensen har løfta fram «snikislamifisering» som eit vesentleg politisk tema?

- Dette var bare eitt av mange tema i Siv sin tale, og ikkje det ho brukte mest tid på. Det kom heller ikkje først i talen. Det er media og politiske motstandarar som har laga dette til eit vesentleg tema.

- Så det har ikkje noko med måten Jensen ordla seg på?

- Både ja og nei. Det er alltid mogeleg at det burde ha vore meir nyansar i det ein seier, men når ein skal dekkja mange tema på kort tid, er det avgrensa kor djupt ein kan gå inn i det. Då blir det litt spissa. Men politiske motstandarar og mediekommentatorar medverkar ikkje til å gjera det meir nyansert.

- Kor farleg er denne «snik-islamifiseringa»?

- Her er inga stor snikislamisering i Norge. Poenget er at me nå må vakta oss for at uheldige trendar i andre land også skjer i Norge. Det er forskjell på å åtvara mot at noko kan skje og på at det skjer i stor grad allereie. Det eg og Frp fryktar, er ikkje islam i seg sjøl, men at fundamentalistiske grupperingar skal få fotfeste i Norge. Desse appellerer særleg til den delen av innvandrarbefolkninga som knapt nok snakkar norsk og som har lita peiling på korleis det norske samfunnet fungerer og som kjenner seg på utsida av det norske samfunnet.

Krav frå desse om at storsamfunnet må innretta seg etter reglane dei er vande med der dei kjem ifrå, må avvisast. Viss me i for stor grad legg til rette for at det blir danna eigne samfunn i det norske samfunnet, vil det skapa store problem.

- Mange, ikkje minst i Frp, sine veljargrupper, er redde muslimar. Kva seier du til dei?

- Me i Frp er ikkje der. Folk som kjem til Norge frå andre land, arbeider og betalar skatt, skal sjølvsagt ha dei same rettane som oss innfødde. Me er ikkje mot innvandrarar og flyktningar. Me er ikkje mot muslimar. Me er ikkje mot at dei praktiserer sin kultur, sin religion. Det er ikkje det som er utfordringa. Det handlar om å få samfunnet til å fungera. Det er når ein vil endra storsamfunnet sine spelereglar at me i Frp reagerer.

- Kvifor tek ikkje Frp eit oppgjer med fordommar og framandfrykt?

- Eg oppfattar at me gjer det. Men det slår media aldri opp. Og som nestformann Per Sandberg sa på radioen i går morgon: Frp er i prinsippet for fri innvandring.

- Det er langt frå det prinsippet til praktisk politikk?

- Ja, men når me står for ein streng innvandrings- og flyktningpolitikk, det er ikkje fordi me er mot folk frå andre land, men fordi norske velferdssystemet hadde kollapsa dersom me hadde hatt fri innvandring. Norge kan ikkje vera verdas sosialkontor.

- Får me eit velintegrert samfunn bare me seier nei til «særkrav»?

- Nei, det får me når alle gruppene i eit land snakkar same språk og forstår koss samfunnsstrukturen bygd opp og rettar seg deretter.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Politikk

Borgli vil ikke på Stortinget

Pål Morten Borgli (Frp) har svart nominasjonskomiteen at han vil fullføre sin oppgave i Sandnes.

Twitter-støtte til Solvik-Olsen

Flere skriver på Twitter at Frp svekkes om Ketil Solvik-Olsen gir seg på Stortinget.

- Ketil må finne ut av dette

Frp-leder Siv Jensen vil ikke legge press på Ketil Solvik-Olsen, men sier at Frp legger vekt på å være fleksibelt.

Høyre er landets største parti

Høyre går fram 3,1 prosentpoeng til 35 prosent og posisjonerer seg som landets største parti. Det viser en måling som InFact har laget for VG.

Solvik-Olsen vurderer å gi seg på Stortinget

Ketil Solvik-Olsen blir sett på som kronprinsen i Frp og svært sentral i det borgerlige samarbeidet. Nå har han foreløpig takket nei til gjenvalg og fått ekstra betenkningstid.

Debatten rasar etter at Siv Jensen i helga sa at Norge er i ferd med å «snikislamifiseres».

Samlesider politikk

Bompengefylket Rogaland Rogfast Bybane Ryfast

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest