Bakgrunn:
Bakgrunn: 12 år bak Danmark
Hijab-saka har gitt Frp-formann Siv Jensen sjølvtillit til eit norsk muslimoppgjer etter dansk mønster.
AV: jarle natland
Samstundes hadde Jensen neppe spissa !kritikken mot snik-islamiseringa av Norge no, dersom ho ikkje langt på veg hadde mista trua på eit breitt borgarleg regjeringsalternativ etter valet. I 2006 var deler av innvandringspolitikken noko av det Jensen var viljug til å forhandla vekk etter ein borgarleg valsiger, ifølgje eit internt !partinotat offentleggjort i VG.
Optimisme
Sju månader før !valet har Frp fått tilbake mykje !av sjølvtilliten som finanskrisa først såg ut til å kosta partiet. Partitoppane struttar igjen av !optimisme. Hijab-striden har !vist seg å vera partiets største vinnarsak på lange tider.
Medan dei andre opposisjonspartia og dei raud-grøne la seg lågt i starten, gjekk justispolitisk talsmann Jan Arild Ellingsen umiddelbart høgt på banen imot.
Frp sikra seg eit grep om !hijab-saka som partiet aldri fekk i den langt mindre folkelege blasfemi-striden, eller ved !Jensen sine kontante støtte-!erklæringar til Israel og Gaza-!invasjonen.
Den massive hijab-debatten har gitt islam-kritikk ein ny !dimensjon og legitimitet i Norge, langt inn på venstrefløya i norsk !politikk. Ein prosess som starta med fatwaen mot Salman !Rushdie på 1980-talet og !skaut fart med striden rundt !Muhammed-karikaturane.
Tok steget
Tidlegare Frp-!formann Carl I. Hagen har ved fleire høve før vist stor evne til !å spela på innvandrarskepsis, utan å forfalla til rasisme, når partiet har slite i motgong. !No ser Jensen ut til å følgja !i hans fotspor.
Hagen tok hijab-debatten eit steg vidare då han skisserte !si redsle for snik-islamiseringa, mellom anna i eit intervju med Nettavisen 13..februar.
«Jeg er engstelig for utviklingen i Norge når vi gir etter for krav fra muslimer og islamister. !I Frp har vi alltid ment at innvandrerne må tilpasse seg norske forhold. Det er ikke vi som skal endre oss. Jeg står for at det skjer en snikislamisering, et lite skritt her og et lite skritt der,» !sa Hagen.
Hagen viste til hijab, krav !om kjønnsdelt klasse- og symjeundervisning, krav om eigne muslimske skular, halalmat !i fengsla, bønepauser i arbeids-!livet, krav om alkoholfrie utedagar og liknande.
Oppfølging
Innvandringspolitisk talsmann i Frp, Per-Willy Amundsen, brukte dei same !poenga i Stortingets spørjetime sist onsdag. Dagen etter la !Jensen og Amundsen i fellesskap fram forslag om å forby !hijab overalt i staten.
Sist laurdag gjorde Jensen !islam-kritikken til eit hovudtema i sin tale til landsstyret i Frp, !det høgaste nivået under landsmøtet. Konklusjonen var klar: Frp vil avgrensa all innvandring frå den ikkje-vestlege verda.
Moderat
Sjølv om Siv Jensen brukar eksempel frå Malmö, ser ho like mykje til meir enn ti års oppheita integreringsdebatt i Danmark – ein debatt som langt på veg har avgjort fleire danske val.
I dansk målestokk er Siv !Jensen særs moderat i språkbruken, og norske parti ligg langt bak. Leiaren av SV sitt danske søsterparti SF, Villy Søvndal, tok til dømes eit generaloppgjer med muslimske fundamentalistar i sin blogg sist veke: !«Dersom dei er så flatpanna at dei verkeleg ønskjer Kalifatet og Sharia innført, så har dei beint fram kome til feil land. Dei har ikkje noko å gjera i Danmark», skreiv Søvndal. For det vert SF-leiaren hylla både av ein !innvandringskritisk statsminister på høgresida, Anders Fogh !Rasmussen, og av tyrkiske !muslimar.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Politikk
Samlesider politikk
På forsiden nå
Siste saker
- Framgang å spore? spør HP
- USA og Russland - kan bli enige om syrisk løsning
- Vil bevise på én dag at Breivik var alene
- Åndens makt
- Taxisjåføren klarte ikke å vekke henne
- Truet seg til arresten
- Dårlig karma på utested
- 17-åring sparket politimann
- Takken var et slag i fjeset
- Tuareger og islamister vil danne stat i Nord-Mali
- Lady Gaga avlyser etter trusler fra islamister
- Jakter på mann etter knivstikking i Kristiansand
- Anmeldt for svindel av norske bistandspenger
- Politiet frykter at DNA-beviser går til spille
- Fire NATO-soldater drept i Afghanistan
- Måtte bryte seg inn for å hindre brann
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Wirak kan droppe Vatneli
- Lenger våken i helgen kan gi jetlag i uken
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
Mest lest
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Måtte bryte seg inn for å hindre brann
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Taxisjåføren klarte ikke å vekke henne
- MC i sommersol
- -Deilig å slippe Forus
- Åndens makt
- Takken var et slag i fjeset
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Dårlig karma på utested
- Wirak kan droppe Vatneli
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- 17-åring sparket politimann
Kommentarer