Fleirtalspartia Ap, KrF, Sp, V, SV og Pp godtek framlegget frå fylkesrådmannen om å auka takstane på buss og og båt med fire prosent.
AV: margunn ueland
Politikarane ønskjer særleg å skjerma dei som har lange og dyre båtreiser, og vil koma attende til korleis dette skal gjerast.
UNGDOMSKORTET: Ungdomskortet skal kosta 250 kroner også neste år. Politikarane går ikkje med på rådmannen sitt framlegg om å auka det til 300 kroner.
BUSSRUTER: Rådmannen hadde foreslått eit rutekutt på buss på fire millionar kroner. Fleirtalspartia halverer dette kuttet og understrekar at kutta ikkje skal skje i distrikta.
TRYGGARE VEGAR: Fleirtalspartia plussar på potten til vegvedlikehald med seks millionar kroner og aukar midlane til trafikksikringstiltak med to millionar kr.
SPLEISELAG: Samferdselsutvalet får 1,5 millionar kroner til disposisjon som særleg er tenkt til spleiselag med kommunar og andre.
FINNØYBÅT: Politikarne vender også tommelen ned for fylkesrådmannen sitt framlegg om kutt i hurtigbåtruta til Finnøy.
SYKKEL: SV har fått med kjepphesten sin om at det skal vera gratis å ta med sykkel på båtane.
Kommentarer