Kleppa: - Sei nei til sorteringssamfunnet
KrF har ein sterk alliansepartnar i Senterpartiet i kampen mot tidleg ultralyd. Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) hadde ei klår oppmoding til fylkesårsmøtet i Rogaland Senterparti Haugesund laurdag: Sei nei til tidleg ultralyd.
AV: jarle natland
- Eg er glad for at fylkesårsmøtet utelukkande uttrykte si støtte i den saka og at Rogaland Sp dermed er på linje med eit breitt fleirtal i stortingsgruppa vår, seier Kleppa.
Rogaland KrF har vern om livet og nei til sorteringssamfunnet som krav nummer to til ei ny regjering hausten 2013. Dermed er dei to sentrumspartia i vest heilt på linje i denne saka som vil koma opp i behandlinga av ny bioteknologilov.
Bruk pengane annleis
- For meg handlar dette om å seia nei til sorteringssamfunnet og seia ja til å bruka pengene på forebygging og behandling av sjukdomar som me kan gjera noko med, seier Senterparti-veteranen Kleppa.
Bare ett tunnelløp
- Det var ein stor lette. To tunnelløp hadde fordyra prosjektet og gjort det nær urealistisk i overskodeleg framtid. Me skal halda trykket på Rogfast og kan også forbetra E39 frå Stavanger og sørover stykkevis og delt, men begge dei to prosjekta har si eiga drivkraft i tyngde av trafikktala der. Riksveg 13 og E134 treng meir politisk påtrykk, seier Geir Pollestad (Sp).
Kleppa inviterte partifellene til studiering på framlegget til ny Nasjonal Transportplan som kjem på skotårsdagen 29. februar.
- Min ambisjon er eit tipp-topp moderne veg- og banenett om 20 år. Då må me få gjort noko med den lange planleggingstida på nye samferdselsprosjekt. Eit hurtigarbeidande utval er nedsett og vil koma med framlegg 1. april, varslar Kleppa.
I dag er planleggingstida for samferdselsprosjekt mellom 9 og 10 år i snitt. Kleppa vil halvera planleggingstida: 4-5 år meiner ho bør vera meir enn nok.
- For meg er det framleis for lenge, men samstundes skal me ha skikkeleg kvalitetssikring og berørte kommunar og partar skal ha høve til å ha påverknad undervegs, seier Kleppa.
Midtdelar
Kleppa kan og opplysa at ho vil ha midtdelar på fleire og mindre trafikkerte vegstrekningar. Vegdirektoratet sender no ut på høyring eit framlegg som kan gje midtdelar på vegar som har trafikk av 6000 bilar i døgnet, mot 8000 bilar i døgnet som er grensa no.
- Dette vil vera eit viktig tiltak i kampen mot dødsulykker på vegane. I fjor døydde 168 i trafikkulykker, 40 færre enn året før. Då må me både ha tiltak retta mot førarane og mot tryggare vegar. I høve til bilførarane har me innført nye promillereglar denne månaden som skal gjera det like lett å bli teken for kjøring i pillerus som i alkoholpåverka tilstand. Dessutan vil 40 nye strekningar få automatisk trafikkovervaking der fotoboksane målar gjennomsnittsfarten og ikkje berre punktvis, seier Kleppa.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Politikk
Samlesider politikk
På forsiden nå
Siste saker
- Framgang å spore? spør HP
- USA og Russland - kan bli enige om syrisk løsning
- Vil bevise på én dag at Breivik var alene
- Åndens makt
- Taxisjåføren klarte ikke å vekke henne
- Truet seg til arresten
- Dårlig karma på utested
- 17-åring sparket politimann
- Takken var et slag i fjeset
- Tuareger og islamister vil danne stat i Nord-Mali
- Lady Gaga avlyser etter trusler fra islamister
- Jakter på mann etter knivstikking i Kristiansand
- Anmeldt for svindel av norske bistandspenger
- Politiet frykter at DNA-beviser går til spille
- Fire NATO-soldater drept i Afghanistan
- Måtte bryte seg inn for å hindre brann
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Wirak kan droppe Vatneli
- Lenger våken i helgen kan gi jetlag i uken
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
Mest lest
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Måtte bryte seg inn for å hindre brann
- Taxisjåføren klarte ikke å vekke henne
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Åndens makt
- MC i sommersol
- Takken var et slag i fjeset
- -Deilig å slippe Forus
- Dårlig karma på utested
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Wirak kan droppe Vatneli
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- 17-åring sparket politimann
Kommentarer