• Christian Aase fra politiet og hans kolleger idet dei forlet Ryfylke Fjordhotell.

    FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

  • Politioverbetjent Johannes Simonsen arbeider fortsatt med å sikra bevis.

    FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

  • Dette er konferansesalen der Rogaland venstre hadde årsmøte.

    FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

  • Hotellsjef Tina Cosette Asbjørnsen.

    FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

  • Politioverbetjent Johannes Simonsen seier til Aftenbladet at ein reknar med å jobba på hotellet til 15 - tida i dag.

    FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

Krimteknikarar finkjemma hotellrommet på Sand

To krimteknikarar frå Haugesund har finkjemma eit hotellrom i tredje etasje på Ryfylke Fjordhotell på Sand på jakt etter spor i samband med valdtektsiktinga av Helge Solum Larsen.

Ved 17-tida kunne krimteknikarane Christian Aase og Johannes Simonsen frå Haugesund politistasjon pakka saman utstyret og forlata Ryfylke Fjordhotell på Sand. Då hadde dei sidan klokka 10 i dag finkjemma hotellrommet der den anmeldte valdtekta skal ha funne stad under Venstre sitt fylkesårsmøte i helga. Politioverbetjent Johannes Simonsen vil ikkje seia om rommet dei har undersøkt tilhøyrer den sikta Helge Solum Larsen eller den 17 år gamle jenta.

Les også

Glede over bra årsmøte blei til sjokk

Leiar i Suldal Venstre og resten av lokalpartiet hadde lenge gledd seg til å få vera vertskap for fylkesårsmøtet  til Rogaland Venstre på Ryfylke fjordhotell på Sand.

 

- Ein vanleg dag på jobben

Han reknar deira arbeid som ferdig, og seier at for dei har det vore ein ganske vanleg dag på jobben.

Simonsen vil ikkje seia noko om kva funn dei har gjort, men fortel at dei mellom anna har vore på leit etter fingeravtrykk, hårstrå og anna biologisk materiale som kan knyttast opp til hendinga. Dei bruker eit spesielt lys til å finna ulike spor, fortel han. Fotografering er også ein viktig del av jobben.

Ei ulempe for krimteknikarane er at hotellrommet som ligg i tredje etasje i Ryfylke fjordhotell blei vaska etter fylkesårsmøtet, dette har skapt visse utfordringar, men Simonsen påpeiker at spor kan halda seg i årevis, spesielt innomhus, sjølv om sollys og trakk av andre menneske kan gjera spora svakare

Vitneavhøyr

Rommet blei sperra av så snart hotelleiinga fekk vita om den anmeldte valdtekta.

Materiale som er samla inn på hotellrommet i løpet av dagen vil bli sendt til Kripos og Rettsmedisinsk Institutt.

Før dei to etterforskarane forlet Sand tok krimteknikar Christian Aase også nokre eksteriørbilete av hotellet som så uventa hamna i medias søkelys denne veka.

Politiet vil også etter kvart avhøyra personar som jobba eller var på hotellet natt til søndag då valdtekta skal ha funne stad.

Stort mediaoppbud

For krimteknikarane var det ein vanleg dag på jobb. For dei hotelltilsette, derimot, har det vore ein høgst uvanleg dag, med lobbyen full av mediafolk som tålmodig har venta på at krimteknikarane skulle bli ferdige.

Både NRK, TV 2, VG og Dagbladet har vitja strandstaden Sand onsdag.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Politikk

Ap og Høyre fram, Frp i fall på ny måling

Arbeiderpartiet og Høyre er nesten jevnstore med en oppslutning på henholdsvis 31,7 og 30,2 prosent, mens Fremskrittspartiet faller til 17,4 prosent. Det viser en måling som Norstat har laget for Vårt Land.

Borgli vil ikke på Stortinget

Pål Morten Borgli (Frp) har svart nominasjonskomiteen at han vil fullføre sin oppgave i Sandnes.

Twitter-støtte til Solvik-Olsen

Flere skriver på Twitter at Frp svekkes om Ketil Solvik-Olsen gir seg på Stortinget.

- Ketil må finne ut av dette

Frp-leder Siv Jensen vil ikke legge press på Ketil Solvik-Olsen, men sier at Frp legger vekt på å være fleksibelt.

Høyre er landets største parti

Høyre går fram 3,1 prosentpoeng til 35 prosent og posisjonerer seg som landets største parti. Det viser en måling som InFact har laget for VG.

Kart

Samlesider politikk

Bompengefylket Rogaland Rogfast Bybane Ryfast

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest