• FOTO: Jonas Haarr Friestad

Navarsete ber bomselskapa skjerpa seg

Samferdsleministeren vil om kort tid senda brev til fylka der ho forlanger at meir av bompengane må gå til veg og mindre til administrasjon, styrehonorar og gebyr for feilpasseringar.

Dersom ikkje fylka og dei lokale bompengeselskapet tek fatt i dette og får ned innkrevjingskostnadene, vil det kunna verta aktuelt med eit nasjonalt bompengeselskap, seier Navarsete sin statssekretær, Geir Pollestad til Aftenbladet.

– Ser me ikkje ei klår betring, altså lågare kostnader, må me sjå om der fins andre måtar å driva innkrevjing på som kan gje resultat, legg han til.

10-12 prosent

Innkrevjingskostnadene ligg i dag på mellom 10-12 prosent i snitt.

– Det talet vil me ha ned, seier Pollestad.

Han trur mesteparten av innsparingane kan liggja på sjølve drifta av bommane. Her er det store variasjonar frå selskap til selskap. Det som skaper størst irritasjon, opplever han er administrasjonskostnader som mellom anna handlar om løn til dagleg leiar, og honorar til styremedlemmer og styreleiar.

Vegdirektoratet har gått gjennom dette, og dei konkluderer med at honoraret til styret i Nord-Jæren bompengeselskap er for høgt (148 000 kroner i 2007).

Gebyr

Nord-Jæren bompengeselskap får også kritikk for at over åtte prosent av totalinntektene, 20,6 millionar kroner i 2007, skriv seg frå tilleggsgebyr for ulovlege passeringar/feil-passeringar. Talet på klager på desse tilleggsgebyra er svært høgt.

– Dette må det gjerast noko med. Me kan ikkje finansiera vegbygging med bøter som folk ikkje kan noko for. Det er viktig at bomsystema er lagt opp slik at folk forstår dei, seier Pollestad.

Vil ta grep

– Me skal få ned innkrevjingskostnadene, så Samferdsledepartementet kan bare leggja vekk trugsmålet om eit nasjonalt bompengeselskap, seier Odd Arild Kvaløy til Aftenbladet. Sp-mannen er leiar av samferdsleutvalet i fylket og meiner det vil vera «usedvanleg uklokt» med eit nasjonalt selskap.

Det grepet Kvaløy vil ta, er å slå saman dagens fire bomselskap (Nord-Jæren, Haugalandet, Gjesdal og Finnfast) til eitt selskap.

Dei einskilde selskapa har i dag eit styre på fem til sju styremedlemmer med ein politikar som styreleiar. Kvaløy meiner det må vera nok med tre i styret, og desse bør vera folk som i dag arbeider i kommunane eller fylkeskommunen og har dette som ein del av jobben. Han tykkjer også det er meiningslaust at ein politikar skal vera styreleiar. Politikarane skal sitja i politiske organ, ikkje i aksjeselskap, som han seier.

Betring

Gebyra for feilpasseringar i bomringen på Nord-Jæren har gått ned frå 17-18 millionar kroner i 2007 til 7-8 millionar kroner, kan styreleiar Norunn Ø. Koksvik (H) fortelja. Målet er å få talet ytterlegare ned.

Det er mellom anna avgjort at dei manuelle felta skal stengja slik at systemet blir tilnærma heilautomatisk og dermed meir kundevenleg.

Påført oss

Koksvik likar dårleg at staten «stadig vekk» påfører bompengeselskapet auka driftskostnader: –.Nyleg vart det avgjort over hovudet på oss at me skal overførast frå kategori 2 til kategori ein, noko som vil føra til 1,9 millionar kroner i auka kostnader for oss, seier ho.

Honorar

Kvart av dei fem medlemmene i styret får eit honorar på 20 000 kroner, som styreleiar har ho 40 000 kroner. –.For min del kan gjerne styrehonoraret mitt reduserast, men det er opp til eigarane, altså fylkeskommunen og kommunane på Nord-Jæren å avgjera, seier ho.















Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Politikk

Borgli vil ikke på Stortinget

Pål Morten Borgli (Frp) har svart nominasjonskomiteen at han vil fullføre sin oppgave i Sandnes.

Twitter-støtte til Solvik-Olsen

Flere skriver på Twitter at Frp svekkes om Ketil Solvik-Olsen gir seg på Stortinget.

- Ketil må finne ut av dette

Frp-leder Siv Jensen vil ikke legge press på Ketil Solvik-Olsen, men sier at Frp legger vekt på å være fleksibelt.

Høyre er landets største parti

Høyre går fram 3,1 prosentpoeng til 35 prosent og posisjonerer seg som landets største parti. Det viser en måling som InFact har laget for VG.

Solvik-Olsen vurderer å gi seg på Stortinget

Ketil Solvik-Olsen blir sett på som kronprinsen i Frp og svært sentral i det borgerlige samarbeidet. Nå har han foreløpig takket nei til gjenvalg og fått ekstra betenkningstid.

Relaterte bilder

FOTO: Hans E.H. Jacobsen

FOTO: Anders Minge

Samlesider politikk

Bompengefylket Rogaland Rogfast Bybane Ryfast

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest