Sp-leiaren vil ha slutt på at sjukepleiarar og lærarar tener langt dårlegare enn ingeniørar.
AV: margunn ueland
Tre dagar før kvinnedagen den 8. mars går nå Liv Signe Navarsete ut i Aftenbladet og gjer det klart at Senterpartiet vil kjempa hardt for ein likelønspott.
Ho ikkje bare vil ha det vedteke som ein del av Senterpartiet sitt program for neste periode, ho vil også gjera det til ei viktig valkampsak for partiet og ha det med som eit sentralt krav i Soria Moria-2.
Lønsgap
- Det er nå eitt år sidan likelønskommisjonen la fram sin rapport. Den viste at kvinner i kvinnedominerte yrke får systematisk dårlegare løn enn menn i mannsdominerte yrke med same utdanningsgrad. Gapet er størst på dei grupperingane med fire års høgare utdanning. Kvinnene her har ei løn som ligg på 80 prosent av det mennene får. Dette gjeld altså sjukepleiarar, omsorgsarbeidarar og lærar, her er kvinnene i stort fleirtal. Ingeniørane stikk av, mens sjukepleiarane stikk av, for å seia det slik.
Slik kan me ikkje ha det. Me må ha lik løn for arbeid av lik verdi. Det er snart på tide. Likestillingslova er 30 år i år.
Velferd
Det er òg viktig for å få gode skular og gode velferdstenester. Sp er mellom anna svært oppteken av at samhandlingsreforma som regjeringa nå arbeider med blir vellukka. Dette er ei svær desentraliseringsreform innan helsevesenet som Senterpartiet har ivra for i mange år. Skal me få tak i gode folk og nok folk og folk av begge kjønn, må løna i kvinnedominerte yrke i helse- og omsorgssektoren og i skulevesenet opp.
SV og Ap
Også SV går inn for en likelønspott. Arbeiderpartiet meiner arbeidet for likelønn bør inngå som ein del av trepartisamarbeidet, der regjeringa og hovudorganisasjonane i arbeidslivet samarbeider om konkrete mål og strategiar. Arbeidet skal både ha en likeløns- og ein lavtlønsprofil.
Kommentarer