Skuldar Solvik-Olsen for feig dobbeltkommunikasjon

Bent Høie (H) og Gunnar Kvassheim (V) meiner Ketil Solvik-Olsen (Frp) burde «manna seg opp» til å gå ut mot Siv Jensen sitt islamiseringsutspel i staden for å driva med dei kallar bagatellisering og dobbeltkommunikasjon.

Høie og Kvassheim meiner Solvik-Olsen unnskyldar, bagatelliserer og bortforklarer det partileiaren sa og skuldar på media fordi han sjøl er svært ukomfortabel med partileiaren sitt bodskap og konfrontasjonsskapande retorikk.

Ikkje naiv

- Solvik-Olsen er ikkje naiv. Han veit sjølvsagt at Siv Jensen visste nøyaktig kva ho gjorde då ho spela ut Frp sitt gullkort, nemleg framandfrykt, i kjølvatnet av hijabsaka. Dersom han meiner det han seier om toleranse i Aftenblad-intervjuet, bør han våga å ta avstand frå den profilen Siv Jensen og sentrale folk i partiet står for, seier stortingsrepresentant Gunnar Kvassheim til Aftenbladet.

«Feig»

Stortingsrepresentant Bent Høie (H) synest Solvik-Olsen er feig i denne saka: - Når Siv Jensen gjekk så langt som ho gjorde, hadde eg venta det ville koma reaksjonar frå Ketil Solvik-Olsen, og fleire av dei yngre i partiet som eg opplever står for eit langt meir nyansert og tolerant syn. Dei burde ha manna seg opp og gått ut og forsvart sine standpunkt.

Pyromani

Høie og Kvassheim reagerer sterkt på det dei kallar «dobbeltkommunikasjon på høgt plan» og «politisk pyromani» i Frp:
- Dei både tenner på, og etterpå seier dei at det brenn ikkje, som Kvassheim formulerer det. Det dei viser til er dette:

Forsterkningx2

«Her er inga stor snik-islamisering i Norge», sa Solvik-Olsen. Same dag forsterka Frp Siv Jensen sitt bodskap om at «virkeligheten er at det foregår en snik-islamifisering» ved å gå ut med ei liste med tolv såkalla minoritets-særkrav som dei meinte skulle visa at Jensen har rett. Og i går gjekk partiet sin innvandringspolitiske talsmann, Per Willy Amundsen, ut i Aftenposten og sa at «Sannheten er at vi går i retning av et muslimsk samfunn. Det er ingen tvil om det. » Amundsen argumenterer mellom anna med at Oslo i 2029 vil ha eit fleirtal av ikkje-vestlege innvandrarar.

Spagat

- Det må vera grenser for kor lenge Solvik-Olsen skal prøva å framstå som tolerant, nyansert og seriøs samstundes som han vil leva godt på alle stemmene partiet hankar inn på å vera det motsette, seier Kvassheim.

Siv Jensen og Per Willy Amundsen bles jo vekk nyansane, dei teiknar eit overforenkla og tydeleg bilete for å skapa framandfrykt. Amundsen sin påstand er absurd. Dette går ikkje i hop, påpeikar Kvassheim og Høie.

Oppgjer

Korkje Høie eller Kvassheim har oppfatta at Frp nokon gong har teke noko oppgjer med framandfrykt og fordommar slik Solvik-Olsen seier partiet stadig vekk gjer.

- Siv Jensen har ved alle viktige krossvegar vald ei linje som forsterkar motsetnader og bygd opp under dei-oss-argumentasjon og undergravd arbeid personar med innvandrarbakgrunn i Norge gjer for å byggja bru, seier Høie.

No problem

Særkrav-lista Frp har kome med, meiner Høie slett ikkje viser at her går føre seg noko snik-islamisering: - Desse krava er ikkje problematiske. Det er relevante ønskje frå folk som bur i Norge som har ein annan religion og som ønskjer å utøva den.

- Me vestlendingar veit at det går fint at folk med ulike religiøse standpunkt og praksis kan få leva og praktisera som dei vil. At kvinnene i Smiths Venner går i skjørt og har langt hår, trugar ikkje storsamfunnet. På same måte som det er ingen fare for storsamfunnet at muslimske fangar får halalkjøt i fengselet, og vegetarianarar slepp å eta kjøt, seier Høie vidare.

Fransk

Høgremannen vil at Norge skal halda fast på den norske modellen kor me i stor grad har hatt aksept for at ulike religionar og verdiar lever parallelt med kvarandre i eit mangfald.

Han ser klare teikn på at Frp går i retning av den franske modellen kor alle fellesarenaer er frie for religiøse uttrykk.

Diskriminering

- Men Frp vil då ikkje fjerna kristendommen frå det offentlege rom?

- Nei, det er der det blir diskriminering. Då kjem det fram at det er islam Frp vil overvunne. Då kan dei ikkje samstundes seia at dei står for full religionsfridom, seier Høie.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Politikk

Ap og Høyre fram, Frp i fall på ny måling

Arbeiderpartiet og Høyre er nesten jevnstore med en oppslutning på henholdsvis 31,7 og 30,2 prosent, mens Fremskrittspartiet faller til 17,4 prosent. Det viser en måling som Norstat har laget for Vårt Land.

Borgli vil ikke på Stortinget

Pål Morten Borgli (Frp) har svart nominasjonskomiteen at han vil fullføre sin oppgave i Sandnes.

Twitter-støtte til Solvik-Olsen

Flere skriver på Twitter at Frp svekkes om Ketil Solvik-Olsen gir seg på Stortinget.

- Ketil må finne ut av dette

Frp-leder Siv Jensen vil ikke legge press på Ketil Solvik-Olsen, men sier at Frp legger vekt på å være fleksibelt.

Høyre er landets største parti

Høyre går fram 3,1 prosentpoeng til 35 prosent og posisjonerer seg som landets største parti. Det viser en måling som InFact har laget for VG.

Debatten rasar etter at Siv Jensen i helga sa at Norge er i ferd med å «snikislamifiseres».

Relaterte bilder

Samlesider politikk

Bompengefylket Rogaland Rogfast Bybane Ryfast

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet