60-åring fekk jobb etter sju år på uføretrygd

Etter å ha vore uføretrygda i sju år, fekk 60 år gamle Åsmund Trydal jobb som sveisar hos Ryfylke Aluminium på Forus. - Dei gav meg sjøvtilliten tilbake, seier Trydal.

I går fekk Åsmund Trydal besøk av Høgre-leiar Erna Solberg. Korleis har han greidd dette? Kva hjelp har han fått? Det var Solberg ute etter å læra. For ein tredjedel av arbeidsstyrken - 850 000 nordmenn - er ikkje på jobb i dag. Dette er ein av dei største politiske utfordringane i vår tid. Både regjeringa og opposisjonspartia er samde om det.

Det starta med at Trydal vart med på ordninga Varig tilrettelagt arbeid ved Jæren Industripartner. Der fekk han opptrening. Han starta med å arbeida to timar dagleg fire gonger i veka og bygde seg gradvis opp. Etter eitt år kunne han tenkja seg vanleg arbeid. Gjennom eit vikarbyrå fekk han ein sveisejobb på Ryfylke Aluminium. Trygdekontoret gjekk med på å frysa uføretrygda hans i tre år i tilfellet det ikkje skulle gå. Men det gjekk.

- Fordi han ville det så sterkt sjølv, og fordi han traff på folk i Ryfylke Aluminium som var viljuge til å gje han ein sjanse, konkluderer Arild Kastmann i Jæren Industriparner. Sidan 1998 har dei hjulpe over 40 yrkeshemma til arbeid i næringslivet.

Fekk sjølvtilliten tilbake
- For meg var det ikkje liv utan jobb. Hardt arbeid er det som skal til. Lett var det ikkje. Du har ikkje tru på deg sjølv. Men du må våga. Svein (verksmeister Svein Hanøy, red.anm.) sa: «Dette greier du. Dette greier du.» Sjølv om eg gjorde mykje feil dei første 14 dagane, fortel Trydal til Solberg.

- Ja, for du hadde dei spesielle eigenskapane me ser etter, seier Svein Hanøy, klappar han på skuldra og fortel:
- Viljestyrke er fellesnemnaren eg konstant er på jakt etter. Merkar eg gnisten, har eg aldri nølt, sjølv om folk gjerne manglar dei rette papira eller har gått på ein smell. Desse folka er dei mest mottakelege og motiverte; me lærer dei opp til dyktige fagfolk på ein, to tre. Det tok tre veker med ein god og tolmodig instruktør. Når eg ser på Åsmund nå, ser eg ein mann med sjølvtillit som elskar jobben sin. Ein vinnar!

«Trygghet + trivsel+ trening + tilrettelegging», står det på presentasjonen til dagleg leiar Margaret Mæland ved Ryfylke Aluminium.

Diskusjonen går rundt bordet om kva ordningar som fungerer og ikkje fungerer. Solberg noterer seg mellom anna at det bør bli lettare å gå frå ei ordning til ei annan (utan ventetid).

Prøveordninga som gjeld i fem fylke med at uføretrygda kan ta med seg trygda ut i arbeid som lønstilskot, vil ho foreslå blir ei fast nasjonal ordning i alle fylke når Stortinget skal behandla revidert budsjett til våren.

- Den type kompetanse og erfaring desse folka i Jæren Industripartner og Ryfylke Aluminium har, trengs også ute i hjelpeetatane. Det gjeld om at folk får meir enn formal-rettleiing om ulike tiltak, seier Solberg etterpå til Aftenbladet. - Å tidleg få gjort ei vurdering av kva folk kan, kor dei har sin styrke og kva opplæring og arbeidstrening dei treng, slik at tiltak kan setjast inn for å unngå at dei hamnar på trygd, er sannsynlegvis noko av det viktigaste me kan gjera. Det gjeld om å få folk i sving med oppgåver dei kan meistra. Her har me eit felles ansvar; samfunnet og arbeidsgjevarane, oppsummerer ho.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Politikk

– En styrke å høre om andre som har opplevd det samme

17-åringens bistandsadvokat Berit Johannessen sier hun har merket seg opplysningene om at Helge Solum Larsen skal ha kommet med tilnærmelser til unge jenter i partiet tidligere.

Thorbjørnsen skal i politiavhør i dag

Politiet i Haugaland og Sunnhordland bruker dagen til å avhøre vitner som var til stede på partiets årsmøte i helgen.

- Solum Larsen skjenket 17-åringen

Helge Solum Larsen ga spritholdige drinker til den 17 år gamle jenta som har anmeldt ham for voldtekt.

- KrF spares for mange utfordringer

Mens alkohol og nachspiel er utbredt på de andre partienes politiske møter, tror nestleder Dagrun Eriksen i KrF at partiet spares for en del utfordringer ved ikke å tilby alkohol.

Glede over bra årsmøte blei til sjokk

Leiar i Suldal Venstre og resten av lokalpartiet hadde lenge gledd seg til å få vera vertskap for fylkesårsmøtet  til Rogaland Venstre på Ryfylke fjordhotell på Sand.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet