Vestlands-Ap krev gasskraft

Ikkje bare Rogaland, heile Vestlands-Ap pressar på for gasskraftutbygging. Meiner det vil vera brot på Soria Moria å seia nei til Mongstad-prosjektet.

I SPISSEN: Tidlegare energiminister, Olav Akselsen frå Hordaland, jobbar for at Mongstad-prosjektet skal få konsesjon utan krav om reinsing frå dag ein. Det same gjer leiaren for Møre-benken, Asmund Kristoffersen som sit i energikomiteen, stortingsrepresentant Per Rune Henriksen, leiar i Hordaland Ap og fylkesleiar Tor Bremer i Sogn og Fjordane Ap.

Aps industrirykte
Dei minner om at Vestlands-Ap har kjempa i minst ti år for at Norge skal ta i bruk gassen innanlands. Skulda for dagens kraftkrise legg dei på Høgre som let KrF og Venstre hindra bygging av gasskraftverk då dei regjerte. Dei vil ikkje finna seg i at SV stoppar utbygging.

Asmund Kristoffersen frå Møre og Romsdal seier det slik: - Aluminiumsverket på Sunndalsøra er det største og mest moderne i Europa. At delar av det kan måtta stengjast på grunn av kraftmangel, illustrerer kor uakseptabel situasjonen er.

Soria Moria-erklæringa slår fast at nye konsesjonar til gasskraftverk skal basera seg på CO2-fjerning.

Skisserer løysing
Løysinga vestlandspolitikarne skisserer, er at regjeringa og Statoil blir samde om ein forpliktande plan for reinsing. Slik kan gasskraftverket byggjast utan reinsing frå dag ein.

«At det vil vera uleveleg for ein miljøvernminister for SV, og brot på Soria Moria, godtek dei ikkje. Per Rune Henriksen frå Hordaland formulerer seg slik: - Det vil vera brot på Soria Moria å seia nei til Mongstad-prosjektet. Soria Moria seier også at me skal gå for miljøvennleg bruk av gass, at me skal auke energiforsyninga og elektrifisera Nordsjøen.

- Så miljøvenleg er Mongstad-prosjektet, at hadde det vore i EU, hadde det motteke svære summar i miljøstøtte, påpeikar Akselsen.

Energisparinga Mongstad-prosjektet vil medverke til, er så stor, at SFTs sekundære innstilling er at dei har forståing for utbygging, minner Henriksen om.

Energipolitisk talsmann i Ap, Tore Nordtun frå Rogaland, var til stades då fylkesstyret fatta sitt Mongstad-ja-vedtak, men vil bare gje følgjande kommentar:
- Punkt ein: Det er ein svært god uttalelse. Men, som fraksjonsleiar må eg halda meg til Soria Moria. Punkt to: Dette må løysast på statsministerens kontor. - Grunnen til at me treng meir kraft i Hordaland, er at Troll-feltet er elektrifisert. Det brukar åleine like mykje energi som hushaldningane i Bergen og Stavanger til saman. Om me så installerte varmepumper i kvart eit hus og hytte i Hordaland, ville det ikkje hjelpa. Meir kraft trengst, slår Henriksen fast.

Frp: Meiner dei alvor?

- Dersom Rogaland og Vestlands-Ap verkeleg vil ha gjennom dette, kan dei røysta for framlegget Høgre og Frp vil fremja om å gje Statoil Mongstad-konsesjon, seier Ketil Solvik-Olsen (Frp) til Aftenbladet.

Han tvilar sterkt på at Vestlands-Ap får gjennomslag for sitt syn i regjeringa: - Skal regjeringa gå inn for dette, må dei enten skriva om Soria Moria, eller kasta SV ut av regjering, seier Solvik-Olsen.

Les også