FOTO: Knut S. Vindfallet
Heile KrF si fylkestingsgruppe minus Ellen Solheim meiner homofilt samliv er ei synd, men seier samstundes at dei ikkje fordømer dei homofile og lesbiske.
AV: margunn ueland
– Eg er for partnarskapslova, men mot at homofile skal få inngå ekteskap og adoptera barn. Men å seia at å leva i homofilt samliv er synd blir for sterkt. Det blir å trakka på andre, sjøl om Jan Gunnar Mattingsdal sikkert ikkje har meint det slik, seier fylkesvaraordførar Ellen Solheim (KrF) til Aftenbladet.
– Eg hadde sikkert uttalt meg like svartkvitt som Jan Gunnar den gongen eg var 20 år. Eg har homofile vener og veit kor sårt dette kan vera for dei. Eg vil ikkje leggja stein til byrda. Sjøl har eg opplevd kor vondt det var å bli stempla som dobbelt syndig den gong eg skilte meg og gifta meg på ny, held Solheim fram.
– Eg vil ikkje setja meg til doms over nokon. Eg er eit menneske som feilar heile vegen. Me må ikkje vera så opptekne av andres synd, men retta blikket mot oss sjøl, legg Solheim til.
Teologi, ikke politikk
Dei andre i KrF si fylkestingsgruppe deler det synet som Geir Toskedal frå Karmøy her målber:
- Ja, som kristne meiner me at det er synd å leva i eit homofilt samliv. Reint teologisk er me einige med Mattingsdal. KrF er ikkje ein menighet, men eit politisk parti som er oppteken av at me skal ha gode ordningar for alle type menneske. Partiet KrF meiner ekteskap skal vera for mann og kvinne. Lesbiske og homofile har høve til å inngå partnerskap.
Respekt, ikkje fordøming
– Likeverd og menneskeverd er viktig for meg. Sjøl om eg er einig med Mattingsdal i at det er galt å leva i homofilt samliv, må me ha respekt for dei som gjer det, understrekar Solveig Ege Tengesdal som i tillegg til å vera KrF sin gruppeleiar i fylkestinget også er varaordførar i Eigersund.
– Til trass for at dei vel å leva i homofilt samliv, ønskjer eg ikkje å avskriva dei eller å sjå ned på dei. For meg er det uhyre viktig at dette ikkje blir hardt og fordømmande. Me må ikkje trykkja dei ned, men vera rause og inkluderande, seier Olaug Vervik Bollestad, som også er ordførar i Gjesdal.
– Eg vil seia det så sterkt, at hadde ein av mine ungar kome til meg og sagt at dei var homofile eller lesbiske, hadde eg vore akkurat like glade i dei for det. Eg hadde til og med gått i bryllupet deira! seier Bollestad vidare.
– Løgn verre
Eg tykkjer det er feil at homofil er blitt den gedigne synda. For meg er det like gale at nokon lyg meg opp i trynet. Faktisk opplever eg det verre, legg Bollestad til.
Ho tykkjer det er svært leit at Gro Skartveit opplever deira syn på homofilt samliv slik at dei vil ta Gud frå henne:
– Ingen har rett til å ta Gud frå nokon. Ingen kristne er syndfrie.
– Så dei som lever i homofilt eller lesbisk samliv kan altså vera gode kristne?
– Ja, sjølvsagt, svarar Bollestad.
margunn.ueland@aftenbladet.no
Jan Gunnar Mattingsdal (KrF) ser på homofilt samliv som ei synd. «Frykteleg trist», er Gro Skartveit (V) sin reaksjon. «Steinaldersk», meiner Sosialistisk Ungdom og Skeiv Ungdom.
Kommentarer