Innføringa av rushtidsavgift i Stockholm har hatt effekt: Biltrafikken i rushtida minka med 20- 25 prosent. Køtida gjekk ned med mellom 30 og 50 prosent. Utsleppa til luft er redusert med 14 prosent.
AV: margunn ueland
Dette presenterte Ann Sjøberg frå Stockholm under høyringskonferansen om Nasjonal Transportplan som fylkeskommunen arrangerte i går.
Kollektiv
Men det er eit men: Rushtidsavgift har ikkje fått mange fleire til å skifta frå bil til buss og bane. Før avgifta vart innført, bygde Stockholm ut kollektivtilbodet og talet på reisande gjekk opp med to prosent. Etter at avgifta vart innført permanent, gjekk auken opp i fire prosent.
Kva gjer så dei andre som ikkje passerer bomstasjonane i rushtida?
Dei køyrer for eksempel på andre tidspunkt, dei vel andre ruter, og mange har skifta til elbil som passerer bommane gratis.
Betaling
I Stockholm kostar det 20 kroner å passera bommane i den verste trengselstida, 15 kroner i den nesten verste. Ingen skal betala meir enn 60 kroner dagen.
Bilistane må ikkje betala kvar gong dei passerer ein bom, dei skal nå få ei rekning som dei må betala pr. månad.
Kommentarer