Juni-målingane gav klar tilbakegang for dei raud-grøne, mest for Ap. Frp er nå Norges største parti.
AV: tom hetland
Det har vore ein deprimerande føresommar for regjeringa. Dei raud-grøne slit nå tyngre enn nokon gong i regjeringsperioden, og avstanden opp til fleirtalsposisjonen blir stadig større. Jens Stoltenbergs skryteliste er blitt fullstendig overskygga av bråket omkring Åslaug Haga, auken i bensinprisen og misnøye med forsvarsflytting og sjukehusdrift.
Som så ofte før er det Frp som haustar gevinsten. Partiet går fram heile 2,3 prosentpoeng i juni, og er dermed størst. 28,2 prosent er likevel ikkje rekord, Frp har sett 30-talet på meiningsmålingane eit par gonger tidlegare.
På enkeltmålingar denne månaden har Frp hatt fleirtal på Stortinget saman med Høgre. På gjennomsnittet av dei åtte juni-målingane manglar det ennå seks representantar på det. I mai var det åtte.
Frp sin framgang og Ap sin tilbakegang er dei store utslaga på målingane i juni. For resten av partia er utslaga stort sett små. Sp må tåla ein tilbakegang på 0,4 prosentpoeng, ikkje uventa etter at Åslaug Hagas forskjellige småskandalar dominerte nyhetsbildet gjennom heile månaden.
Vanskelegare å forklara er tilbakegangen for Venstre på 0,6 prosentpoeng til 5,9. Tala for Venstre varierer sterkt frå toppmålinga på 7,7 (Opinion) til 4,0 prosent på Norstats måling for NRK. Her kan det vera feilmarginar ute og går.
Elles kan me merka oss at KrF ikkje får nokon gevinst på striden om ekteskapslova. Kanskje er det Frp som vinn veljarar på denne saka òg.
Raudt er inne på Stortinget med to representantar denne månaden òg. Skuffa raud-grøne veljarar går i ulike retningar.
Kommentarer