– Ryfast er eit godt døme på at kommunane sløser bort hundrevis av millionar kroner som dei heller burde brukt i skulen, seier stortingsrepresentant Hallgeir H. Langeland frå Sosialistisk Venstreparti.
AV: margunn ueland
Stortingsrepresentanten vil at regjeringa skal bestemma at der skal vera maks 15 barn per lærar.
– Ja, eg veit eg trør inn i eit minefelt.
Sentralistisk overstyring, vil lokalpolitikarane seia. Men dersom skulen blir nedprioritert til trass for at regjeringa har plussa på kommunebudsjetta, er det ein kjempetabbe. Stavanger pungar ut med 200 millionar kroner til Ryfast.
Dette er pengar som kunne ha vore brukte i skulen. Det fortel meg at me i regjering og Storting må ta styringa for å syta for at barn, unge og kunnskap blir prioritert først.
Altså må me innføra ei minstenorm for kor mange elevar det skal vera for kvar lærar.
– Problemet nå er at det ikkje er nok førskulelærarar og allmennlærarar å få tak i?
– Ja, og kva kjem det av? For dårleg løn. Dersom du kan reisa offshore og tena 600.000 kroner sånn, - Langeland knipsar med fingrane - forstår eg at unge folk gjer det i staden for å pådra seg studielån for så å gå på dårleg lærarløn.
Jagarfly og lærarløn
– Kva ville du gjort dersom du var SV-leiar og finansminister Kristin Halvorsen?
– Då hadde eg konvertert 140 milliardar kroner frå jagarflykjøp og putta pengane inn i bybane på Nord-Jæren og høgfartstog. Så hadde eg trappa opp skulesatsinga, styrt meir av pengebruken slik at kommunane ikkje hadde brukt pengane på asfalt og undersjøiske tunnelar, sørgja for høgare lærartettleik og høgare lønn til førskulelærarar og allmennlærarar. Vidare hadde eg brukt pengane i pensjonsfondet på ein måte som kan medvirka til å forandra verda. Eg er glad me har slutta å investera pengar i produksjon av atomvåpen.
– Trur du verkeleg regjeringa vil la vera å kjøpa jagarfly?
– Neppe, men eg pressar knallhardt på for å få ned prisen og få ned talet på kor mange fly me skal kjøpa.
Fattigdom
– Kva bør SV prioritera i statsbudsjettet til hausten?
– Tog, klima/miljø, utdanning og tiltak for å kvitta oss med fattigdommen. Fattigdom i landet er uakseptabelt. Me har ikkje levert godt nok der. Me må gjera meir. Det viktigaste er å gje folk arbeid, men me må også heva sosialhjelpssatsane.
Tog og pengebruk
– Ingen er i tvil om at bybane, jernbane og høgfartstog er det du vil prioritera når Nasjonal Transportplan skal opp i Stortinget til hausten. Men korleis skal du få pengar til det når finansministeren ikkje er villig til å ta i bruk nye finansieringsformer?
– Det er som sagt store summar å spara på jagarfly. Dessutan har SVs stortingsgruppe samrøystes vedteke eit framlegg frå meg om at regjeringa må greia ut alternative finansieringsformer for jernbane. Berre for jernbane, ikkje for veg. I Sverige byggjer dei ut Botniabanen. Finansieringa er rentefrie lån frå staten. Resultat: Banen blir bygd raskare og billigare. Slik må me også gjera det i Norge.
Kristin Halvorsen var til stades og såg og høyrte kva som vart vedteke i stortingsgruppa. Dette forventar eg blir svart på i statsbudsjettet.
Trafikkulukker
– Kvifor kan me ikkje gjera det same med vegutbygging? Albania, eitt av Europas fattigaste land, byggjer nå ut meir veg enn me gjer her til lands.
– Eg prioriterer det som er klimavenleg. I Stavanger-området skal me ikkje byggja meir veg, bare meir bane.
– Kva med alle som blir drepne på norske vegar?
– Ni av ti av trafikkulukkene skuldast sjåføren, ikkje mangel på firefeltsvegar. Profilen på Nasjonal Transportplan skal vera trafikktryggleik. Investerer me 4 milliardar kroner i fleire kryssingsspor på jernbanen, får me 335.000 vogntog over frå veg til bane. På den måten vil hundrevis av menneskeliv bli spart på vegane. Og rassikring er eg for.
Ryfast
– Ryfylke, Stavanger og Rogaland fylkeskommune vil ha Ryfast. Ap og Sp vil ha Ryfast. Bør ikkje du som stortingsrepresentant herfrå arbeida for i staden for å stritta mot?
– Eg kjempar for det eg og SV meiner er rett. To ting gjer at eg ikkje trur det blir noko av Ryfast: 1) Økonomien er usikker.
Prislappen kjem til å bli større. 2) Klimarekneskap for prosjektet er ennå ikkje lagt fram. Dagens ferjer forureinar, men ferjene kan gå på gass, som forureinar lite, eller på hydrogen som ikkje forureinar.
Miljø
– I Miljøverndepartementet blei Helen Bjørnøy blei skifta ut med Erik Solheim og Heidi Sørensen. Har dei fått til så mykje meir enn henne?
– Eg kunne gjort jobben mykje betre sjølv, var det svaret? He, he, he. Hovudproblemet til Miljøverndepartementet er at det har eit budsjett på tre milliardar mens Forsvarsbudsjettet er på 31 milliardar. For så lite pengar kan ikkje miljøvernministeren gjera dei store sprella.
Kommentarer