Ryfylkemuseet sine visjonar for eit Løland-senter fekk ein kalddusj i årets statsbudsjett.
AV: heidi hjorteland wigestrand
- Me hadde god von om å få ein pengesum i årets budsjett sidan prosjektet vårt blei nemnd som ein merknad i fjorårets budsjett, kommenterer museumsdirektør Roy Høibo.
Han er difor svært skuffa over at all lobbyverksemda mot Oslo ikkje har ført fram. Løland-senteret skal vera eit nasjonalt senter for barne-og ungdomskultur på bygdene. Planen var å opna senteret i 2011, for å markera Rasmus Løland sin 150-årsdag. Nå ryk det tids-skjemaet.
Rasmus Løland blir av fleire rekna for å vera barnelitteraturens far i Norge, og vogga hans stod på Løland i Suldal. Høibo meiner ein treng ein million kroner i første omgong for å få ei stilling på plass som kan planlegga senteret. Museet har også pengesøknadar inne hjå både fylket og Suldal kommune. Ein har søkt om totalt 400 000 kroner frå desse partane. I tillegg vonar Roy Høibo at Suldal kommune vedtek å kjøpa Rasmussen-sjøhuset som på sikt er tenkt som lokalitet for Løland-senteret. Dette huset er prisett til 3,5 millionar kroner. Ordførar Torkel Myklebust i Suldal seier at ein ikkje vil prioritera huskjøp nett no, men at ein bør arbeida vidare med å få tak i pengane som trengst for å komma i gong med sjølve innhaldet for senteret. Myklebust meiner ein bør prøva å få senteret gjennom i budsjett-behandlinga i Stortinget ved å jobba aktivt mot komiteane.
Løland-senteret skal arbeida særskilt med barnelitteratur og barnekultur på nynorsk. Ein vil også ta opp det fleirkulturelle bygdelivet. Roy Høibo påpeiker at både barn, mangfald og nynorsk har vore honnørord for regjeringa. For Arbeiderparti-mannen er det nok ekstra skuffande å få avslaget frå sine eigne. - Men det var nok mange om beinet, konkluderer han.
-Me prøver att neste år, legg han til.
Kommentarer