- Sp - ein tragedie for fornybar energi

Gunnar Kvassheim (V) synest det er «rimeleg spesielt» at to av dei områda Sp har levert dårlegaste på i regjering, fornybar energi og små- bedrifter, nå skal bli partiet sine satsingsområde.

- Det er positivt at Liv Signe Navarsete og Senterpartiet vil gjera meir for småbedriftene og få fram meir fornybar energi. Det som gjer at eg ikkje trur det før eg ser det, er at Senterpartiet har vore det partiet som nå i 3,5 år har vore nærmast til å gjera noko med dette. Måten Senterpartiet har hushaldert med Olje- og energidepartementet på, har vore ein tragedie for fornybar energiproduksjon, seier Kvassheim til Aftenbladet.

Feil tiltak

Han viser til at det er ei allmenn oppfatning i energibransjen at rammevilkåra for produksjon av fornybar energi er alt for dårlege. Det me ikkje treng nå, er ikkje nye statlege selskap (Sp foreslår å oppretta eit StatVind), men betre rammevilkår, poengterer Kvassheim.

Han viser til at prosjekta står i kø, dei fleste i regi av norske energiselskap som i stor grad er statlege, fylkeskommunale eller kommunalt eigde. Statkraft er ein stor aktør innan vindkraft, men satsar først og fremst i utlandet fordi rammevilkåra der er betre enn her. Det som må på plass, meiner Kvassheim, er grøne sertifikat, støtte til umogne teknologiar og ein strategi for marin energiproduksjon.

Småbedrifter

Kvassheim tvilar sterkt på at Sp vil få gjennomslag for skatte- og avgiftslette for bedriftene i ei regjering med Ap og SV som har skjerpa skattane for bedriftene seinast i årets budsjett. Og er det noko som kjenneteiknar krisepakka til regjeringa, var det at ho ikkje var godt tilpassa småbedriftene, legg han til.

Les også

Kommentarer

Sp-leiar Liv Signe Navarsete vil gjera fornybar energi til stor industrisatsing. Sp skal også bli småbedriftene sin beste ven, og går derfor inn for å avvikla arve- avgifta og fjerna formuesskatt på arbeidande kapital.

Valgresultater 2011

  • Valgresultater 2011

Valgomat: Hvilket parti passer for deg?

  • Valgomat 2011

Følg valgbloggen

  • Valgbloggen 2011

Serie: Fattig i Lykkeland

  • Serie: Fattig i Lykkeland

På forsiden nå

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet