-
FOTO: Pål Christensen
«Du må ikkje gløyma vegane, Langeland!»
Hallgeir Langeland (SV) seier at han ikkje vil byggja motorvegar i sentrale strok. Men tre felt frå Sandnes til Ålgård vil han ha. Og ein bybane som går mykje lenger enn frå Stavanger til Sandnes.
AV: margunn ueland
Øyvind Larsen: - Eg er hundre prosent samd i at jernbanen har hengt og blødd i hundre år. Men når du og SV bare fokuserer på jernbane, høyrest det ut som om du har gløymt det som rullar på hjul. Me må ha betre vegar også!
Fordumsfull
Hallgeir Langeland: - Du er litt fordomsfull i din påstand: Eg har også jobba hardt for betre ferjetilbod Stavanger-Tau og for meir til vegvedlikehald og rassikring.
1000 milliardar
Larsen: - Det er bra. Men det må brukast mykje meir pengar på vegutbygging. Det vil ta 50 år før me får eit skikkeleg vegnett her i landet. Skal me venta så lenge, er det ikkje meir pengar igjen på oljefondet.
Langeland: - Den raud-grøne regjeringa har auka ramma i Nasjonal Transportplan med 100 milliardar kroner.
Larsen: - 1000 milliardar meir er det som skal til.
Langeland: - Det er heilt urealistisk. Men hadde det vore opp til meg, hadde me auka jernbanebudsjettet med 200-300 milliardar til. Me må prioritera. Mi og SV si prioritering er å satsa på kollektivtrafikk i sentrale strok i staden for utbygging av firefelts motorvegar som tek verdifull matjord og bare skaper meir trafikk.
Bilkø
Larsen: - Kva vil du seia til dei som dagleg sit i bilkø på vegane her? Kona mi bruker 45 minutt kvar veg frå Ålgård til Forus. Dersom eg skal ta bussen for å koma meg på jobb på Bryne, må eg springa livet av meg ein time før jobben startar.
Langeland: - For at bussar og dei som må bruka bil skal koma seg fortare fram på vegane, må me få fleire matpakkekøyrarar bort frå vegane.
Då må me betra buss- og togtilbodet, byggja bybane og gangs- og sykkelstiar og innføra rushtidsavgift. Eg ser føre meg ein bomring Sandnes-Sola-Stavanger og ein indre ring.
Tre-felts-motorveg
Larsen: - Då er eg med. Men me må også ha fire felts veg frå Sandnes til Ålgård og vidare - i alle høve til Skurve.
Langeland: - Fire felt til Ålgård vil koma. Det ligg an til det i Nasjonal Transportplan. Det var mot min vilje. Eg ville heller hatt tre felt.
Aftenbladet: - Jaså, du vil ha vegutbygging i sentrale strok likevel?
Langeland: - Ja, litt. Då kunne me brukt det tredje feltet til kollektivfelt slik at bussane kom fort fram.
Livsfarleg
Larsen: - Det trengst bare fire felt rundt dei store byane. Elles fungerer tre felt godt. Sjå til Sverige! Det er livsfarleg med svære trailerar på dei smale vegane me har her til lands. Derfor må me også få mykje meir av godstransporten over på sjø og bane.
Langeland: - Det siste er me jo samde om. Og eg også vil at smale distriksvegar som Riksveg 13 skal bli betre og sikrare.
Skylappar
Larsen: - Ja, men du snakkar for lite om det. Du er akkurat som ein travhest med skylappar.
Langeland: - Eg har vidvinkelen klar. Men i motsetnad til deg, må eg prioritera. Her er ikkje pengar til alt.
Bybane
Aftenbladet: - Har du pengar til bybane? Bane mellom Stavanger og Sandnes med arm til flyplassen vil kosta 5 milliardar kroner å byggja.
Langeland: - Eg vil ha eit meir omfattande banenett. Banen må gå vidare til Sandnes aust, opp til Ålgård og ned til Sandnes att. Me må og ha ein ringbane frå Sola til Tananger, Randaberg og fram til Tasta. Då snakkar med om ein mange gonger så stor sum. Eg vil heller bruka pengar på det enn 150 milliardar på jagarfly.
Minister
Aftenbladet: - Det høyrest i grunnen ut som om de to er i ferd med å bli temmeleg samde. Kva med Langeland som samferdsleminister og Larsen som statssekretær?
Larsen: - Eller omvendt. Det hadde vore betre.
Les også
SEND INN: Har du ei sak du vil ta opp med ein av stortingskandidatane som stiller til val i Rogaland? Send i så fall ein e-post til margunn.ueland@aftenbladet.no
I DAG: Øyvind Larsen frå Ålgård møter Hallgeir H. Langeland (SV).
SAK: Samferdsle: «SVs påstand om at vegane er gode nok, og at det bare er kollektivsatsing som må i fokus, blir heilt feil,» skreiv Larsen i sin e-post til oss.
LARSEN: Larsen har mellom anna vore transportsjef i BP og undervist i transportfag ved Time vidaregåande skole i 15 år. Og det er ikkje få innlegg om samferdsle han har hatt på trykk i Aftenbladet.
LANGELAND: Langeland er SV sin toppkandidat i Rogaland. Denne perioden har han vore SV sin transportpolitiske talsmann på Stortinget.



Kommentarer