• Feil fyring i peisen er ein av dei vanlegaste brannårsakene i hytter.

    FOTO: Colourbox.com

Brannfarlege hytter på Vestlandet

Ein av 10 vestlendingar har ikkje installert brannvarslar på hytta.

Det viser ei undersøking Norstat har gjennomført for Storebrand forsikring. På Vestlandet er det over 57.000 hytter, og minst 5700 av desse manglar truleg røykvarslar.

- Åtferda vår er brannfarleg. Stort sett er folk oppteken av brannsikkerheit heime, men mange er meir slepphendte når det gjeld hytta, seier direktør Tom Granquist i Storebrand.

Ifølgje Finansnæringens fellesorganisasjon vart det meld om 48 brannskadar på hytter i Rogaland i fjor, medan det var 1023 i heile landet. Sør-Trøndelag hadde flest hyttebrannar med 87 tilfelle. Halvparten av hytteeigarane uroar seg ikkje for at hytta kan rammast av brann eller naturskadar.

- Dette er skremmande tal. Sjølv om me er mindre på hytta enn heime, er det livsfarleg å spekulera i at ingenting vil skje medan me er der, seier Granquist i ei pressemelding.

Same reglar for hus og hytte

Branntryggleikstiltaka skal vera dei same på hytta som dei er heime. Mellom anna skal du ha brannslokkingsutstyr tilgjengeleg og minst ein røykvarslar. Ni av 10 hytteeigarar har installert brannvarslar, medan åtte av 10 hytter har brannslange eller brannslokkingsapparat tilgjengeleg. Over halvparten av hytteeigarane skrur av elektriske artiklar når dei reiser frå hytta.

- Mange hytter ligg avsides og det er langt til næraste nabo. Det kan vera vanskeleg å koma seg vekk og inn i varmen om det hender noko. Fleire stader er det dårleg dekning slik at det kan vera problematisk å få tak i redningsmannskap, seier Granquist.

Ha røykvarslarar i orden

Den vanlegaste årsaka til hyttebrann er bruk av open eld i form av feil fyring, røyking, mangelfulle skorsteinar, levande lys og dårlege elektriske anlegg. Dette utgjer minst ein tredel av brannar i hyttene. Ifølgje Statistisk sentralbyrå brann hytteeigarar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal 568 kilo ved i 2010. Granquist meiner mange av brannane kan bli unngått om alle tek førehandsreglar.

- Når folk har peis hender det ofte at dei ikkje får skikkeleg trekk slik at det byrjar å ryka. Då pip ofte røykvarslaren, folk vert irriterte og tek han ned. Røykvarslarane er ofte plasserte feil, men når uhellet fyrst er ute er det viktig at alt er i orden slik at ein unngår å sovna inn av røyken, seier Granquist.

Senioringeniør Lars Haugerud ved avdelinga for førebyggjande samfunnsoppgåver i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap meiner alkoholbruk kan medverka til fleire brannar.

- Mange gjer meir sjølv på hytta, til dømes oppføring av eldstader. Auka brannfare kan og ha samanheng med at me drikk meir alkohol og brukar levande lys meir, seier Haugerud i ei pressemelding.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid
NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av

BRANNSIKKERHEIT PÅ HYTTA: Alle hytter og fritidsbustadar skal ha minst ein røykvarslar i tillegg til brannslokkingsapparat eller brannslange som kan koplast til krane.

Sjekk at røykvarslaren fungerer og kan høyrast i alle soverom med lukka dører.

Bytt batteri i røykvarslaren minst ein gong i året.

Vend pulverapparat opp ned slik at pulveret ikkje klumpar seg.

Sjekk at trykkindikatoren på pulverapparatet er på det grøne feltet.

Ha brannslange eller pulverapparat lett tilgjengeleg.

Ha fri bane til alle rømmingsvegar.

Fei pipa jamleg.

Bruk levande lys og flyttbare elektriske omnar berre under tilsyn.

Kontroller at sikringsskap, leidningar og kontaktar er utan synlege skader og sterk varmgang.

Slå av alle elektriske apparat om natta og når hytta ikkje er i bruk.

Bo

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest