• Bordet frå Helen & Hard er laga av ei furu frå Jørpeland.

    FOTO: Emil Ashley

Ryfylkefuru på utstilling i London

Bordet som er laga av delar av eit furutre og designa av Helen & Hard skal visast fram i London.

Utstillinga "Turning the Tables" opnast torsdag i Great Western Studios Galleri i London. 12 internasjonalt kjende arkitektar skal delta på utstillinga som skal vera open til 18. februar.

- Ideen til utstillinga var å stilla ut bord laga av arkitektar. Slike møblar vert ofte gløymt sidan arkitektar ikkje er møbeldesignarar, men mange har laga fine bord og møblar til ulike prosjekt. Nokre av desse vert stilt ut i London, seier Siv Helene Stangeland, partnar i Helen & Hard.

Miljøvennleg design

Bordet som Helen & Hard stiller ut har ei furu frå Ryfylke som utgangspunkt. Prosjektet har fått namnet "The tree of Dining". Delar frå stamma og fleire greiner er sett saman til eit bord. Bordbeina har framleis barken på, medan bordflata har blitt høvla og slipt.

- Intensjonen er å bruka naturen sine kvalitetar til å laga miljøvennlige løysingar. Me brukar trea direkte i design og arkitektur. Treet som bordet er laga av er henta på Jørpeland, seier Stangeland.

Bordet er produsert av Tjerand Gjerde frå firmaet Tjerand Fine Furniture i samarbeid med Helen & Hard. Gjerde har vore med på fleire prosjekt i firmaet.

- Kjartan kjenner interessefeltet vårt og teknikken me nyttar. Han er ein dyktig møbelsnekker, seier Stangeland.

Kundar kan finna tre

Bordet er til sals under utsillinga. Dersom det skal produserast ein serie vil alle borda verta ulike. Kunden kan gå ut i skogen saman med arkitekten og velja dei delane av treet som ein ynskje omgjort til bord.

Firmaet brukar eit digitalt scanneverktøy for å finna ut om trea eignar seg for eit bord. Bordet består av fire delar som er plugga og limt saman. Der bordet ikkje vert tett har firmaet lagt på glasplater som skøytar.

- Firmaet er fascinert av trematerialet sine konstruktive mogelegheiter og årringsmønstera sine ulike uttrykk.. Det er artig at vårt bord er plukka ut til utstillinga. Det viser at det me forskar på i periferien kan verta interessant for andre, seier Stangeland.

 

 

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid
NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Sjekk ditt nabolag Levert av

Bo

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest