• Rektor ved Gullingen leirskule i Suldal, Jan Erik Kristensen og resten av leirskule-Norge meiner det er for gale at stadig fleire elevar blir frårøva aktivitetar som dette. Her ser me Martin Mossland frå Maudland skule i Hommersåk på skitur i skuletida i fjor.

    FOTO: Pål Christensen

Færre får dra på leirskule

Norsk leirskoleforening har fredag krise- og debattmøte om leirskulanes stilling i Norge. Stadig færre elevar får reisa på leirskule, fortel rektor ved Gullingen Leirskule i Suldal, Jan Erik Kristensen.

Når kommunane slit brukar dei pengar frå staten gitt i rammetilskotet til kommunane til leirskuleopphald. Opplæringslova seier pengane kan gå til leirskuleopphald. Dermed kan dei gjera dette utan på bryta lova, sidan det altså står kan og ikkje skal, forklarer Jan Erik Kristensen.

Han påpeiker likevel at kommunane opptrer i strid med det som var tanken bak pengane, å gi elevane eit leirskuleopphald i løpet av skulegongen.

Gullingen og dei snautt 100 andre leirskulane i Norsk leirskoleforening ønskjer at styresmaktene skal endra ordlyden i lova, slik at kommunane blir pliktige å senda elevane på leirskule.

Inga sjuk mor

Kristensen understrekar at dette ikkje er ein kamp for si eiga sjuke mor. Det er elevane som blir frårøva flotte naturopplevingar og viktig kunnskap me kjempar for. Dei fleste leirskulelærarane har lærarjobb i vertskommunen, så det er ikkje fordi me sjølv risikerer arbeidsløyse me ropar eit varsku, seier rektor Kristensen.

Dei siste 6-7 åra har Gullingen leirskule teke i mot mellom 1800 og 2000 elevar årleg. Dei fleste kjem frå Rogaland.

50.000 elevar

Skulen som feirar 25-årsjubileum i desse dagar, har hatt nesten 50.000 elevar innom i løpet av eit kvart hundreår, og Kristensen vil kjempa for at like mange får komma innom leirskulen dei komande 25 åra.

Fram til nå har så godt som alle elevar i Rogaland fått reisa på leirskule.

Men for leirskulane i regionen merkast det godt særleg når store kommunar som Sandnes og Stavanger stramar inn på leirskuleopphald. Også i Vindafjord, Eigersund og Hå er leirskuleopphalda strama kraftig inn, fortel Kristensen.

Totalt i Rogaland er det over 30 prosent av elevane som ikkje får reise på leirskule. Over 2000 elevar kvart år går glipp av dette undervisningstilbodet.

For lite friluftsliv

Han tykkjer dette er særs ille med tanke på at forsking viser at barn og ungdom i dag får ta del i altfor lite friluftsliv. Brukar kommunane tilskotet frå staten, er leirskuleopphaldet tilnærma gratis for kommunen. Det einaste dei må kosta er betaling til lærarane som er med klassane.

Rogaland har tre leirskular tilknytte Leirskoleforeningen. Desse er forutan Gullingen ein leirskule på Røvær og Stavanger Turistforening sin basecamp ved Preikestolen. Det er også ein leirskule på Avaldsnes. Horve leirskule blei nedlagt fordi som ein følgje av at Sandnes droppa leirskuleopphald for elevane sine, fortel Jan Erik Kristensen.

Vagt og usikkert

- Den vage formuleringa i forskrifta til Opplæringslova gjer det vanskeleg for leirskulane å planlegga frå år til år. Elevar og lærarar lever i uvisse for korleis framtida blir. Ei lovendring vil gje oss høve til å planlegga langsiktig. Og elevane vil vera sikra verdfull og nyttig grunnskulekunnskap og sosialt fellesskap i spanande omgjevnader, påpeiker Kristensen.

Ein representant frå NHO vil også vera til stades på debattmøtet i dag.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Jobbsøkerguide

Bo

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest