• - Russen bør prioritera å vaksinera seg mot hjernehinnebetennelse, sjølv om dei må betala vaksinen sjølv, meiner seksjonsoverlege Jon Sundal ved Helse Stavanger HF. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

- Prioriter pengar til vaksine

Russen bør prioritera å vaksinera seg mot hjernehinnebetennelse, sjølv om dei må betala vaksinen sjølv.

Det seier Jon Sundal, seksjonsoverlege i Helse Stavanger HF.

- Dei som er russ brukar pengar på mykje anna, så dei bør tenkja på helsa og vaksinera seg. Risikoen er låg for å bli smitta dersom ein ikkje er i eit miljø med mykje rus der ein drikk av same flasker. Det er ein alvorleg sjukdom, så me håper at det legg seg, seier Sundal.

Folkehelseinstituttet har oppmoda ungdomar som skal vera russ i år til å vaksinera seg mot hjernehinnebetennelse. Omgangskretsen til dei smitta får vaksinen dekka, men andre må betala han sjølv.

Les også

Russen mener vaksinen er for dyr

Russen blir forvirret av ulike vaksinepriser og -typer, og noen sier at de ikke har råd til å bli vaksinert. Smittevernoverlegen er også skeptisk til gruppevaksineringene de blir tilbudt.

Hjernehinnebetennelse er delt inn i fleire grupper. Både 19-åringen som døydde av hjernehinnebetennelse og den smitta 17-åringen har sjukdommen frå gruppe C-bakterien. Det har blitt fleire hjernehinnebetennelsar som høyrer til gruppe C dei siste åra. I 2004 var det fem tilfeller medan det i 2010 var dobla til 10. Gruppe B er den vanlegaste hjernehinnebetennelsegruppa, men førekomsten har gått ned frå 27 tilfelle i 2004 til 13 i 2010.

Det finst fleire ulike vaksinar mot hjernehinnebetennelse, men ingen beskyttar mot gruppe B-bakterien. Omgangskretsen til 19-åringen og 17-åringen får tilbod om vaksine mot bakteriane A, C, W135 og Y.

- Det finst ein vaksine som er betre mot berre gruppe C, men den beskyttar ikkje mot dei andre. Dermed er det betre å slå to fluger i ein smekk. Ein vert aldri 100 prosent trygg sjølv om ein er vaksinert, men ein vert betydeleg tryggare, seier Sundal.

Grunnprisen for den anbefalte vaksinen er 500 kroner. I tillegg kjem gebyr frå dei ulike vaksinasjonsklinikkane.

 

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Bo

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest