• Bystudentane drikk mest - og jentene aller mest. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Bystudentar drikk mest

Studentar i byane drikk meir enn studentar på landet, men mest av alle drikk byjentene.

Det går fram av ei undersøking om studentars drikkevanar som Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk (Akan) har gjennomført. Undersøkinga viser at det er mannlege studentar som drikk mest i mindre urbane strøk, medan det er jentene som er tørstast i byane.

Over 40 prosent av studentane har eit faretruande drikkemønster ifølgje undersøkinga som har sett på alkoholvanane til over 2000 ingeniør- og sjukepleiarstudentar. I storbyane er halvparten av sjukepleiarstudentane såkalla stordrikkarar, medan tre av 10 får same klassifiseringa på mindre urbane stadar. Sosiolog Irene Prestøy Lie er ansvarleg for undersøkinga.

- Mogelege forklaringar på at det er høgare alkoholkonsum blant studentar i urbane område er fyrst og fremst at det er fleire skjenkestader i store byar. Studentmiljøet er annleis. Studentgruppene i byane er ofte mykje yngre, og der er alkohol viktigare for å skapa eit sosialt nettverk. Studentar i mindre urbane strøk er oftare eldre og har ikkje trong for alkohol som eit middel til å byggja sosiale nettverk, seier Prestøy Lie til studentavisa i Oslo, Universitas.

- Lettare å droppa førelesingar

Spesielt på sjukepleiarutdanninga er aldersforskjellen stor mellom høgskular i byar og på mindre stader. Hanne Skarsbø går tredje året på sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Ho innrømmer at det er ein del drikking på studiet.

- Grunnen til at me drikk meir i byane er vel kanskje fordi det skjer meir her enn på landet. Jenter har lett for å verta rivne med. Me girar kvarandre opp og det er sikkert derfor fleire jenter har eit faretruande drikkemønster, seier ho til Universitas.

Ifølgje Prestøy Lie er talet på studentar som går glipp av skule og jobb på grunn av sine alkoholvanar det mest bekymringsfulle frå undersøkinga. Skarsbø er ueinig.

- Eg opplever ikkje at folk let drikkinga gå ut over jobb eller praksis. Eg trur folk klarar å prioritera, seier ho til Universitas.

Studentane har lettare for å droppa førelesingar, spesielt i fadderveka.

- Det er ikkje ofte folk er for bakfulle til å gå på førelesing, men det hender oftare i fadderveka. Eg kan forstå at det er lettare å droppa førelesingar fordi ein er bakfull, spesielt om det er førelesarar ein har dårlege erfaringar med, seier studenten til Universitas.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Bo

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest