Hullene som ga lys uten kulde
Det viktigste med vinduer er at de slipper inn lys, uten å få kulda på kjøpet.
Hjernehinnebetennelse kan ha smitta i ei bursdagsfeiring.
AV: charlotte steine
- Ungdomar frå Stavanger og Sandnes som er i venekretsen til dei to sjuke han ha møtt kvarandre i ei bursdagsfeiring i Stavanger. Me har ingen bevis, men me har mistanke om at det kan vera samanheng mellom dei to tilfella, seier kommuneoverlege Hans Petter Torvik i Sandnes.
Kommuneoverlegen forklarer at dette kan ha samanheng med at personar kan vera berarar av bakterien meningokokkar utan sjølv å vera sjuk. Sjukdommen bryt ut to til ti dagar etter personen er smitta.
Verken 19-åringen som døydde eller 17-åringen som er smitta deltok i bursdagen. Den aktuelle bursdagsfeiringa skjedde etter 17-åringen var smitta, men før 19-åringen vart det.
- Det er liten fare for at ungdommane som deltok på festen vert sjuke sidan det har gått meir enn inkubasjonstida på ti dagar, seier Torvik.
Hjernehinnebetennelse er delt inn i fleire grupper. Både 19-åringen og 17-åringen er smitta av gruppe C-bakterien. Det har blitt fleire hjernehinnebetennelsar som høyrer til gruppe C dei siste åra. I 2004 var det fem tilfeller medan det i 2010 var dobla til 10. Gruppe B er den vanlegaste hjernehinnebetennelsegruppa, men førekomsten har gått ned frå 27 tilfelle i 2004 til 13 i 2010.
- Målet er å bekrefta eller avkrefta om det er den same bakterien i begge sjukdomstilfella. Det er ikkje sikkert me kjem lenger i å finna samanhengen, men det gjenstår å sjå når prøvane er klare, seier seksjonsoverlege Jon Suldal i Helse Stavanger HF.
Smittevernoverlege i Stavanger Janne Dahle-Melhus seier at det sjeldan er fleire enn eit tilfelle av hjernehinnebetennelse om gongen.
- Den statistiske risikoen for at det skal koma fleire utbrot er låg. Men ettersom det har vore to tilfelle på kort tid, er beredskapen høg.
- Ein smitteberar treng ikkje merka sjukdommen. Bakterien er ein del av den normale svelgfloraen, og det er alltid nokon som har han, seier kommuneoverlege i Sandnes, Hans Petter Torvik.
Det viktigste med vinduer er at de slipper inn lys, uten å få kulda på kjøpet.


Kommentarer