• Tre born har fått medhald på erstatningssøknaden etter å ha fått narkolepsi av svineinfluensavaksinen. Illustrasjonsfoto.

    FOTO: Monkey Business Images

Medhald for narkolepsi etter svineinfluensavaksine

Tre born har denne veka fått medhald frå Norsk pasientskadeerstatning i at dei har fått narkolepsi etter å ha fått svineinfluensavaksinen Pandemrix.

- Alle dei tre borna har fått påvist narkolepsi i tida etter dei vart vaksinert mot svineinfluensa. Me har gjort ei grundig vurdering av om vaksinen kan vera årsak til narkolepsitilstanden, og har kome fram til at det er sannsynleg, seier assisterande direktør Rolf Gunnar Jørstad i Norsk pasientskadeerstatning i ei pressemelding.

Borna har dermed rett på erstatning. Norsk pasientskadeerstatning har motteke 86 saker om vaksinasjon mot svineinfluensa, sju av desse er frå pasientar busette i Rogaland. 25 av sakene er ferdigbehandla. 18 erstatningssøkjarar har fått avslag og sju har fått medhald på sakene sine. I tillegg til dei tre som har fått medhald i sakene om narkolepsi, har fire søkjarar fått medhald for andre typar skadar. I sakene som har fått avslag er den vanlegaste årsaka til avslaget at det er manglande samanheng mellom vaksinasjonen og skaden.

- Det er bra at me i Noreg har ei erstatningsordning for dei som er så uheldige at dei utviklar ein slik sjukdom etter å ha fått vaksine, seier Jørstad i ei pressemelding.

Store konsekvensar for borna

Borna som no har fått medhald vart vaksinert i samband med den omfattande vaksinasjonen av innbyggjarane som vart gjennomført på hausten 2009 og vinteren 2010.

- Førebelse erfaringar frå mellom anna Sverige, Finland og Noreg viser at denne vaksinen kan vera årsak til utvikling av narkolepsi hjå mange born og unge i alderen fire til 19 år, seier Jørstad i pressemeldinga.

Sjukdommen har fått store konsekvensar for borna.

- Kvardagen til borna har endra seg kraftig. Dei er ekstremt trøytte på dagtid, mange har konsentrasjonsproblem og svært livaktige marerittdraumar når dei søv og dei kan få anfall der dei mistar muskelstyrken i ein eller fleire muskelgrupper. Det er grunn til å anta at dette er ein sjukdom borna dessverre må leva vidare med, seier Jørstad i pressemeldinga.

Erstatningsbeløpet skal vurderast

Norsk pasientskadeerstatning skal no starta arbeidet med å finna ut kor stor erstatning borna skal få.

- Kvar enkeltsak vert vurdert individuelt. Det er for tidleg å seia kor stor erstatninga blir for kvart av borna. Å finna fram til riktig erstatning vil skje i samråd med familiane. I den grad sjukdommen gjev omfattande og vedvarande plagar og dermed påverkar borna sin kvardag, vil det bli snakk om store erstatningsbeløp, seier Jørstad.

Av dei 61 sakene som ikkje er ferdig behandla, gjeld 20 av sakene born under 18 år som kan ha fått narkolepsi som følgje av vaksinen. Om lag 2,2 millionar nordmenn vart vaksinert med Pandemrix i løpet av svineinfluensapandemien. Dette tilsvarar 45 prosent av innbyggjarane i Noreg. 598.000 av dei vaksinerte var born og unge frå seks månader til 19 år.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Bo

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest