FOTO: Illustrasjonsfoto
7 av 10 foreldre føler seg hjelpelause og bekymra for digital mobbing mot borna. Måndag gjekk startskotet for ein ny sesong med haldningskampanjen "Bruk Hue".
AV: helene reite
7 av 10 foreldre bekymrar seg for at borna skal utsetjast for digital mobbing. Like mange veit ikkje kor dei skal gå for å få hjelp, ifølgje ei undersøking gjort av Norstat. Måndag starta sjette sesongen av haldningskampanjen "Bruk Hue" som skal besøka 50 skular før sommaren. Denne gongen er fokuset særskilt på korleis auka dialogen mellom born og foreldre.
- Utfordringa ved digital mobbing er at den er så lett å skjula. Dialog og openheit på heimebane er nøkkelen. Det er foreldra ungdomane helst vil snakka med i desse situasjonane, men mange fryktar kjeft, represaliar og straff. I tillegg kan sterkt språk og personlege bilete vera skamfullt å visa fram, seier dagleg leiar i Barnevakten, Øystein Samnøen.
No ønskjer han å få fleire foreldre på bana etter årets "Bruk Hue"-kampanje, som arrangerast i samarbeid med Telenor, Medietilsynet, Røde Kors. Det skal difor arrangerast både foreldremøte og elevseminar på dei 50 skulane som får besøk i år.
- Målet med kampanjen er å hjelpa unge med å utvikla eit sunt sjølvbilete, auka respekten for andre og bevisstheita rundt mediebruken. I tillegg er det viktig med tydelege haldningar på heimebane. Foreldra må snakka med ungdommane og få ei oversikt over kva som har skjedd og kven som er involverte. Ungdomane opplever tryggleik ved at foreldra tek ansvar for det som har skjedd, seier han.
Truslar, ryktespreiing, ærekrenkingar, identitetstjuveri og publisering av bilete utan samtykke er hovudproblema ifølgje Samnøen.
- "Det følast som heile mi verd står og ser på det som skjer", fortalte ei mor at dottera hadde sagt. Eg trur digital mobbing opplevast like vondt som anna mobbing. I tillegg spreiar det seg lett, fortel Samnøen.
Og det er nettopp den raske spreiinga som er hovudgrunnen til at foreldre kjenner seg hjelpelause, meinar professor i åtferdsforsking, Erling Roland.
- Den digitale sosiale verda til borna er ikkje alltid lett tilgjengeleg for foreldra. Foreldre vert kanskje meir og meir digitalt kompetente, men likevel er mange framande for sosiale media. I tillegg vert moglegheitene for film- og bildemanipulasjon større og større. Det er ikkje lett å følgja med på den raske utviklinga, seier Roland.
Han trur mobbing som ikkje er digital likevel opplevast verre.
- Det er tøffare å oppleva det ansikt til ansikt, men problemet med den digitale mobbing er at du aldri får vera i fred. Den når deg overalt og vanskeleg å beskytta seg mot. For unge er det å slå av mobilen av og til vanskelegare enn å oppleva terroren, seier forskaren.
- Dette er det største problemet barn og unge opplever. Ei undersøking vi har gjort viser at opp mot 15 prosent opplever digital mobbing. Men desse tala varierar ut i frå kva undersøkinga spør om, seier Thomas Haugan Hepsøe ved Medietilsynets Trygg bruk-senter.
Ei kartlegging Telenor har gjort etter "Bruk Hue"-kampanjen starta i 2009, viser ein positiv nedgang på 6 prosentpoeng dei tre siste åra. 64 prosent blant born og unge mellom 10 og 15 år seier at dei sjølv eller nokon dei kjenner, har opplevd mobbing på nett eller mobil.
"Bruk Hue"-kampanjen har besøkt 250 skular, 70 000 barn og 12 000 foreldre sidan 2009.
- Ei undersøking vi har gjort i etterkant av kampanjen, viser at 80 prosent av foreldra har tatt ein prat med ungdommen etter seminaret.
Men nye born og foreldre kjem til, og behovet vil difor vera vedvarande ifølgje Samnøen.
Erling Roland har forska på digital mobbing sidan 2001. Dei siste forskingstala er frå 2008.
- Stigninga frå 2001 til 2008 er stor. Ut i frå det vi ser har det stabilisert seg dei siste åra, og ligg på nivå med vanleg mobbing. 5-10 prosent opplever mobbing. Eg trur at dei som opplever mobbing til vanleg, også får det på nettet eller mobilen.
Roland har også engasjert seg i lokale kampanjar mot mobbing, som til dømes i mobbeprogrammet Zero.
- Under kampanjen "landsdekkande manifestet mot mobbing" frå 2002-2004, gjekk tala på mobbing drastisk ned. Då den blei avslutta i 2004, steig tala igjen. Eg har trua på at forskingsbasert tiltak hjelper, seier han.
Han er positiv til større fokus på foreldre, men det er ikkje det einaste som skal til, ifølgje åtferdsforskaren.
- Foreldre og lærar er ei nøkkelgruppe som påverkar borna i stor grad. Det viktigaste er at ungdommane veit at mobbing vert slått hardt ned på. Lærarane må ha god sosial kontroll og la mobbing få konsekvensar.
Appellar er lite effektfullt ifølgje forskaren.
- Ein mobbar høyrer ikkje på godsnakk og overtaling. Harde mobbarar er motstandsdyktige på slikt, hevdar Roland.
Kommentarer