Behov for fleire i mekaniske fag

Avdelingsleiar for mekaniske fag ved Godalen vidaregåande skule, Magne Frøyland, er uroa over at så få ungdomar i Stavanger-området vel grunnkurs i mekaniske fag. Det har vore ein nedgong i talet på primærsøkjarar i Stavanger. Frøyland veit at det som har skjedd dei siste vekene ved Rosenberg, ikkje har gjort situasjonen betre.