Hydro-nei til nye aluminiumsverk

Hydro seier definitivt nei til å byggja nye aluminiumsverk i Høyanger og Årdal. Dermed vil meir enn 240 menneske mista jobbane sine om tre år, når dei eldste delane av desse to aluminiumsverka må stengjast på grunn av nye utsleppskrav frå SFT.