Økobønder planlegg minimeieri

TYSVÆR: Eit eige minimeieri som foredlar økologisk mjølk kan bli etablert på Haugalandet. Bak planane står ein gjeng økologiske mjølkebønder med Ingvar Tysvær frå Tysværvåg i spissen. Bøndene har tatt namnet Haugaland økologiske meieri og valt eit eige inerimsstyre for prosjektet. Nå søker meieriprosjektet det halvstatlege Omsetningsrådet om særordningar i høve til den såkalla utjamningsavgifta.