Sunnhordland Kraftlag ny medeigar i Saudefaldene

Selskapet som har søkt om konsesjon for vasskraftutbygging i Sauda, AS Saudefaldene, får ein ny medeigar. Sunnhordland Kraftlag (SKL) har kjøpt 15 prosent av aksjane. Elkem skal vidare eiga 85 prosent i vasskraftselskapet.