Vil starta mobilt strutseslakteri

Eit mobilt strutseslakteri er under etablering i Rogaland. Bak planane står kleppsbuen Stein Lode. Fylkesveterinæren for Rogaland og Agder har godkjent slakteriet mellombels fram til årsskiftet. Stein Lode, som vil driva slakteriet gjennom selskapet Edel Kjøtt AS, har imidlertid ikkje fått alle godkjenningane som må til for at han skal kunna setta i gang ennå.