• –Foreldra mine, som er høvesvis doktor og lærar, fekk nærast sjokk då eg fortalde at eg ville satsa på eit yrke til sjøs, seier Suellen Maia Barbosa, som er fast bestemt på at ho ein dag skal bli maskinsjef.

    FOTO: Thomas Førde

Brasil inviterer til oljesamba

Suellen Maia Barbosa utdannar seg til å bli maskinsjef. Brasil treng ho. Enorme ressursar er oppdaga, men landet har ein umetteleg trong for skip, utstyr og fagfolk.

Ved innseglinga til Rio de Janeiro kan ein ofte sjå mellom 40 og 50 skip på vent. Her finst ymse serviceskip til oljeindustrien, riggar, tankskip og bulkskip. Innimellom glir lokale fiskebåtar som drar inn fangsten.

Det kan sjå ut til at heile skipsfarts- og oljeindustrien vil til Brasil, til landet som finanskrisa gløymde, til kontinentet der ressurstilgangen er den frodigste i verda og der den europeiske gjeldskrisa er kuriøse historiar frå den gamle verda.

Les også: Gründerens Brasil-tips

For oljeindustrien har ein berre sett starten på eventyret utanfor ei meir enn 7000 kilometer lang kystlinje mot Atlanterhavet.

Norsk industri

Her er gjort enorme oljefunn, langt til havs på store djup og langt under havbotn. Ressursane og dei teknologiske utfordringane er enorme.

Brasil er i ferd med å bli større oljeeksportør enn Norge. Her vil norsk industri vera med.

Les også: Norske bedrifter i Brasil innan olje og gassindustri

To forsyningskip tilhøyrande Solstad Offshore i Skudeneshavn ligg og ventar på klargjering og godkjening for bruk hos det gigantiske og statsdominerte Petrobras. Både «Normand Trym» og «Normand Vibran» skal inn i kontrakt med Petrobras.

Går om bord

Me går om bord saman med Rolf Faber frå Kopervik, som har budd fleire år i Brasil. Faber er nå teknisk koordinator for Solstads Brasil-flåte.

Om bord i forsyningsskipet «Normand Trym», ventar kaptein Arild Dal frå Vedavågen på Karmøy og overstyrmann Odd Petter Sæter frå Molde. Sæter har gjort brasilianar av seg.

Les også: Slik lever familien under palmene

Han er gift og busett ein times flytur nord for Rio. Med gode kunnskapar i portugisisk blir Sæter eit viktig bindeledd mellom brasilianarar og nordmenn om bord.

Språklærar

I dag er det sju nordmenn om bord, men dette talet skal reduserast til fem. Kravet på Brasils sokkel er at to tredelar av mannskapet om bord etter ei viss tid skal vera brasiliansk.

Ei stor utfordring om bord er for tida er språket. Mellom dei undrordna brasilianarane er engelskkunnskapane dårlege, oftast mest fråverande. Reiarlaget sin plan er å senda språklærarar om bord for å halda kurs i engelsk og gi tilbod om opplæring i portugisisk for nordmenn.

FOTO: Thomas Førde

– Me har ennå litt brunost att i kjøleskapet. Men innkjøp vil heretter bli gjort i Brasil og kokkane lagar glimrande brasiliansk mat, seier kaptein Dal.

Rekruttering

Men den store utfordringa i Brasils raskt veksande offshoreindustri er rekruttering av kvalifiserte folk til stillingar om bord.

To skular i delstaten utdannar offiserar. Den eine ligg i sjølve storbyen Rio den andre i Belem.

Den årlege kapasiteten er uteksaminering av knapt 400 kandidatar, både av navigtørar og og maskinistar samla. I tillegg er det sett i gong utdanningsprogram for ingeniørar og administrativt/ økonomisk utdanna personar.

Karriereløp

– I år er det hundre slike under opplæring i Rio, opplyser Brasil-veteranen Hans Falnes Elllingsen, som er sjef for reiarlaget Norskan, eigd av DOF i Austevoll.

Både Norskan og Solstad rekrutterar studentane før dei skal ta til med det siste året av utdanninga.

Les også: – Dra til Brasil nå!

– Me må knyta dei til oss tidleg og planleggja eit karriereløp med etterutdanning dels i Norge, seier Klaus Døscher, viseadministrerande i Solstad sitt Brasil-selskap.

Kvinner søkjer

Om bord i Solstad-skipet «Normand Vibran» på hamna utanfor Rio, møter me tre nyutdanna kvinnelege offiserar. To av jentene vil bli navigatørar (styrmenn) og ei av dei har å bli maskinsjef som klar målsetjing.

Om bakgrunnen for at dei valde eit yrke til sjøs seier dei at både lønn og mykje fritid fristar. Vanleg turnus er 14 dagar på jobb og like lenge fri.

FOTO: Thomas Førde

Men å dra til sjøs er langt fra noko vanleg yrkesval for jenter frå mellomklassa i Rio.

Suellen Maia Barbosa fortel at foreldra, som er høvesvis lækjar og lærar, vart nærast sjokkert då dottera avslørte sitt maritime yrkesval.

Dei tre kan også fortelja at mange reiarlag lokkar med høgare lønn enn kva Solstad tilbyr.

Stigande lønner

– Men Solstad har rykte på seg for å vera ein god arbeidsplass, har moderne og avanserte skip, der ein kan utvikla seg fagleg seier dei to kvinnene på brua, Vanessa Keller Oliveira Silva og Fabiana Mendonca de Souza.

Den enorme flåteveksten saman med Brasil sine særs høge ambisjonar og strenge krav om brasiliansk mannskap om bord har skrudd opp lønsspiralen.

– Ein brasiliansk kaptein er 30- 40 prosent dyrare enn ein norsk, seier Ellingsen i Norskan.

Norskan har snart 1200 sjøfolk etter sitt ekspansive byggeprogram.

Rekrutteringa av offiserar vil bli svært vanskeleg framover. Men denne utfordringa kjem Brasil til å løysa, seier Ellingsen.

Skipsbygging

Få minuttar med skyssbåt frå dei to Solstad-skipa på hamna, ligg eit travelt skipsverft tilhøyrande den norsk/koreanske verftsgruppa STX (tidlegare Aker-yards)

To svære fartøy er her under bygging for Norskan. Begge skipa skal nyttast til undervassinspeksjon og byggearbeid på havets botn.

Norskeigde Norskan har lagt beslag på det meste av verftet sin kapasitet for lang tid framover. Når alle nybygga er ferdige vil Norskan ha ein flåte i Brasil på 25 skip.

FOTO: Thomas Førde

Brasil stilar særs høgt med utbygging av eigen verftsindustri. Med eit svimlande byggeprogram er utfordringane både kapsitet og produktivitet.

Nye verft

– Kostnaden ved bygging av skip ved Brasils verft er i dag 30 til 40 prosent over den internasjonale marknadsprisen, seier Jose Roberto Neves, som er sjef for Solstad Ltda.

Men samtidig vil Brasil stiumlera sterkt til skipsbygging ved eigne verft. Reiarlag som byggjer i Brasil får mange fordelar, mellom anna gunstige lån over lang tid (20 års nedbetaling og rente mellom 2,5 og 7 prosent).

Skip og utstyr som blir produsert i Brasil kan få 90 prosent av verdien lånefinansiert medan importert utstyr til skipet får lån til 60 prosent av byggesummen.

Krev nasjonalt innhald

Krava til nasjonalt brasiliansk innhald er høge, inntil 75 prosent for til dømes nye forsyningsskip.

– Men dette kravet er ikkje så strengt i praksis som det kan sjå ut til, seier DnBNors sjef i Brasil, Tom Mario Ringseth. Han legg til at Brasil korrigerar for utstyr som deira eigen industri for tida ikkje kan levera.

–Det vil seia at skipet kan ha norsk hovudmaskineri og elektromotorar installert om bord før ein tar til å finrekna på brøken med høgt nasjonalt innhald, seier Ringseth.

DnBNor-sjefen trur på sterk vekst i Brasil framover, eit land med stabil økonomi. Men Ringseth legg til at norske selskap som vil etablera seg i landet bør gjera det nå.

Relatert til artikkelen

Gründerens Brasil-tips

Norske bedrifter i Brasil innan olje og gassindustri

– Dra til Brasil nå!

Slik lever familien under palmene

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra ONS 2010

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest