-
FOTO: Thomas Førde
Slik lever familien under palmene
Spennande jobbar lokkar i ressursrike Brasil med sommar og sol nær sagt heile året. Men medreisande ektefelle og barn får ekstra utfordringar.
AV: thomas førde
Eit yrande liv av joggarar, turgåarar, turistar frå Japan, USA, Australia eller Tyrkia pluss fastbuande på rullebrett eller rollerblades.
Alle utfaldar dei seg langs strendene på Copacabana, Ipanema, Leblon og dei andre lange flotte badestrendene i Rio de Janeiro.
Det er ekteparet Berit Stige Tjåland og Arve Aasebø Tjåland, med hjelmar, stavar og norsk/svenske rulleski i flott diagonalgang under Rios palmetre. Heime i Norge er dei busette på Lura i Sandnes. Men det siste året har dei budd i bydelen Leblon i Rio de Janeiro.
På rulleski fra kontoret
– Vi skaffa oss rulleski for å kunne variera treninga i høve til jogging og vanleg turgåing. Det flotte her langs strendene i Rio er mellom anna at ingen bryr seg same kva du har på deg, korleis du trenar eller korleis kroppen din ser ut, fortel Arve Tjåland.
Han brukar morgonane i helgane til skiturar, samt einskilde ettermiddagar til å ta seg fram på rulleski fra Statoil-kontoret i bydelen Botafogo, ei mils veg unna, til Leblon.
Kona Berit blir med på rulleskitur langs stranda ein gong i veka
På søndagar blir dei to køyrefilene av motorvegen ytst mot stranda stengde for biltrafikk og folk kan samla seg i gatene og bruka dei som dei ønskjer.
Stor ransfare
Da kan alt sjå idyllisk og søndagsharmonisk ut i særs vennleg temperatur. Jamvel om det stundar mot «vinter» viser gradestokken godt over 20 grader.
– Fleire av våre folk har opplevd dette, seier Arve Tjåland, som er administrasjonssjef ved Statoil sitt kontor i Rio.
– Me åtvarar folka våre mot å gå aleine rundt i Rio om natta. Mange bydelar skal ein halda seg heilt unna. Eit godt råd er dessutan at sjølv om du er ute og joggar i shorts og t-skjorte, bør du ha med deg eit par hundrelappar i lokal valuta. Desse setlane kan du gi frå deg til ein enventuell ranar slik at tap og skade kan bli avgrensa mest mogeleg.
Bil og sjåfør
Med kort veg frå sydhavstranda og palmene bur familien Tjåland i eit bustadkompleks.
– Me gir ikkje Statoil-tilsette lov til å bu i einebustad. Av tryggingsmessige omsyn skal alle bu i bustadkompleks med felles, vakthald, garasjeanlegg og resepsjon, seier Tjåland. Han seier vidare at dei Statoil-tilsette har tilgang til sjåfør og eigen bil.
– Me har standard bilar og tre bilar med skotsikre glas, som hovesakeleg blir nytta til transport om natta til og frå flyplassen. Dei som har vore i Rio meir enn tre månadar og har tatt dei kursa som er nødvendig, samt lokalt førarkort, får køyre sjølve om dei vil. I tillegg har me ein felles sjåførpool, som me påkallar ved behov, seier Arve Tjåland.
Skotsikkert glas
Runa Marie Tjåland (17), som nå bur saman med foreldra sine i Rio, tar likevel skulebussen til og frå den amerikanske skulen i bydelen. Ho fortel at skotsikre glas er sett opp på den sida av skulebygget som snur mot den fattige bydelen Rochina.
Men Runa Maria kan fortelja at skulen ho går på har eit godt forhold til næraste favela, som dessutan er den største i Latin Amnerika med 85 000 innbyggarar. Skulen driv hjelpeprosjket i denne favelaen. Dessutan er det mange fra favelaen som har sitt daglege arbeid i bydelen Leblon, som hushjelper, sjåførarar og vaktmenn.
Fleire utanlandsopphald
På skulen føl Runa Marie opplegget til den internasjoanle lina. (International Baccalaureate). Det medfører mykje skulearbeid, om lag tre timar lekselesing kvar ettermiddag og kveld.
Men miljøet på skulen er fint.
– Eg får venninner frå ulike land som Brasil, USA og Korea.
Runa Marie har budd utanlands saman med familien i meir enn sju år. Første utanlandsopphaldet var i Baku i Aserbadjan i fire, deretter to år heime i Sandnes før turen gikk til Caracas i Venezuela i tre år. I Rio har dei budd det siste året.
Runa Marie har gått på internasjonal skule i kvart av desse landa.
Heim på lura
– Eg kjenner meg tryggare i engelsk enn i norsk, seier ho som også snakkar spansk og litt portugisisk.
– Fordelen med å bu utanlands er også at me får venner rundt i heile verda. Mest til ei kvar tid, døgeret og jorda rundt, finst det venner som har dag eller kveld og som kan kontaktast på skyp, seier Runa Marie.
Men kontakten heimover til slekt og venner i Norge prioriterar familien Tjåland veldig høgt.
– Me set stor pris på at venner og familie stiller opp og er der når me kjem heim.
Me har vore medvitne om å ikkje leiga ut huset heime på Lura. Dermed har me ein stad å reisa til, ein stad der me alle kan føla oss heime, seier Berit Stige Tjåland. Ho legg til at Runa Marie har dessutan hatt venninnebesøk på dei andre stadene ho har budd og ventar besøk også til Rio.
Store utfordringar i jobb
– Me er også medvitne om å dra heim til viktige familiehendingar som konfirmasjonar og runde dagar.
Men det er klart eit minus å bu langt borte når ein har gamle foreldre heime. Fordelen er at når eg er heime har eg tid til å vera på besøk fullt heilt, fleire dagar i strekk, seier Berit.
– Mange norske familiar kvir seg for å flytta utanlands langt borte frå venner og kjente, seier Arve. Men han legg til at utfordringane er svært store og spennande både i jobb og fritid.
– I min jobb må eg bruka alt eg har lært og meire til og må kunne takla alle typar menneske og situasjonar frå sjåføren til toppolitikaren og kongelege. Men arbeidsdagen er lang, fra seks om morgonen til sek-sju om kvelden. Det sosiale livet blir om helgane, seier Arve.
Måtte sei opp joben
Men for ektefellen blir livet heilt annleis. Berit hadde jobb som ergoterapeut i Stavanger kommune.
– Kommunen har vore flink til å leggja forholda til rette med permisjoner. Men då me flytta til Rio de Janeiro, måtte eg seia opp stillinga mi. Det gjorde eg med veldig tungt hjarta. Her i Brasil får ikkje utanlandske kvinner arbeidsløyve utan at ein har ei svært spesiell og etterspurt utdanning. Arbeidsplassane vil dei verna for Brasils eigne.
Å fylla kvardagen
Dermed blir det viktig å kunne fylla kvardagen på anna vis. Familien blir enda viktigare enn heime.
- Eg treng tilbakemeldingar frå dei andre i familien, seier Berit, som prøver å ta del i mest mogeleg sosialt liv på dagtid, oftast saman med andre norske kvinner i same situasjon. Dei spelar volleyball, driv med magedans og tennis og tar del i kulturarrangement og har gått på sambaskule med premie i årets karnevalsopptog som resultat.
Dessutan les Berit portugisisk og har symaskina som gir glede og meining.
– Eg syr for sal. Inntektene går mellom anna til eit skule- og barneheimsprosjekt i Caracas i Venezulea og til ein dagheim her i Rio.
I denne byen og dette landet skal familien Tjåland bli i minst eit og eit halvt år til.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra ONS 2010
På forsiden nå
Siste saker
- Vil bevise på én dag at Breivik var alene
- Åndens makt
- Taxisjåføren klarte ikke å vekke henne
- Truet seg til arresten
- Dårlig karma på utested
- 17-åring sparket politimann
- Takken var et slag i fjeset
- Tuareger og islamister vil danne stat i Nord-Mali
- Lady Gaga avlyser etter trusler fra islamister
- Politiet frykter at DNA-beviser går til spille
- Jakter på mann etter knivstikking i Kristiansand
- Anmeldt for svindel av norske bistandspenger
- Fire NATO-soldater drept i Afghanistan
- Måtte bryte seg inn for å hindre brann
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Wirak kan droppe Vatneli
- Lenger våken i helgen kan gi jetlag i uken
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Drillo: - Vi var for lite dristige
Mest lest
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Måtte bryte seg inn for å hindre brann
- Taxisjåføren klarte ikke å vekke henne
- MC i sommersol
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- -Deilig å slippe Forus
- Takken var et slag i fjeset
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Wirak kan droppe Vatneli
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- Dårlig karma på utested
- Åndens makt
- Badegjester i søppelhav
Kommentarer