FOTO: Pål Christensen
Med ei veka att til Sesilåmi er det meldt om gode snøforhold.
AV: tori pedersen
Laurdag 2. april går det store skirennet Sesilåmi. For 33. gong går skiutøvarar den 52 kilometer lange løypa.
– Det er voldsomt mykje snø i fjellet, kan rennleiar Odd-Bjørn Elve fortelja Aftenbladet. Med to år sidan sist renn, då fjorårets Sesilåmi vart avlyst på grunn av dårleg vær, er det no endeleg klart for eit nytt renn. Med rekordmange påmelde, sett bort frå i fjor når det var 2800, ligg alt klart for eit flott renn.
– Det er mange nye fjes i år, og me har opna for dei som fyller 15 år i 2011, seier Elve. På grunn av tryggleiken er grensa med påmelde sett til 2500.
– Me har oppretta ei venteliste i år, sidan det alltid er nokon som ikkje møter opp eller har meldt avbud, seier Elve. Rennleiaren er ekstra spent på årets renn, sidan det vart avlyst i fjor.
Tøff løype
Ein av mennene bak Sesilåmi, Magne Westerheim, har gått mange internasjonale renn, blant anna Marcialonga i Italia. Han meiner at Sesilåmi er eit hardt renn i forhold til fleire av dei internasjonale.
– Sesilåmi er eit tøft renn. Men me ser likevel at det er ei positiv auke i anntal påmelde, og det er kjempeflott, seier Westerheim
Kommentarer