Ingenting kan stoppa Arne Kristian Espedal i å gå Sesilåmi. Ikkje ein gong ein brekt arm.
AV: tori pedersen
SESILÅMI: Han har 32 renn bak seg. Han har gått dei alle.
– Første gong eg stod på start, visste eg ikkje kva eg gjekk til, seier Arne Kristian Espedal (56) medan han mimrar tilbake til si første Sesilåmi, i 1976. Utstyret var heilt annleis. Dei måtte gå 3 kilometer til fots før dei kom til startområde og måtte derfor smøra skia sine ein anna plass. Løypa var tyngre, og spora var annleis. Espedal var ikkje kjend i Sirdalen då, slik han er no, etter 32 renn. Men det første løpet, hugsar han godt.
LES OGSÅ: Her er smøretips til Sesilåmi
– Då me kom til den siste matstasjonen, hadde nokre av publikum gått opp dalen for å sjå siste del av rennet. Dei følte vel at det berre var nedover bakke att for oss, sidan dei hadde gått opp dalen, for dei heia og ropte at no var det berre nedoverbakkar att. Men for oss var det ein del oppoverbakkar igjen, så det var irriterande og absolutt ingen oppmuntring, seier Espedal. For med nesten fem mil i beina, vart dei siste bakkane veldig tunge.
BREKT ARM: Han var veldig trøtt då han kom i mål første gongen. Han var våt og kald. Men det var herleg å komma i mål.
– Drivkreftene mine er at eg får bruka kroppen min, ute i naturen. Å gå på ski er ein fantastisk måte å bevega seg på, seier Espedal. Rektoren ved Buøy skule spring orientering i tillegg til å gå på ski. Det var veka før Sesilåmi i 2002. Ute på orienteringsløp brakk Espedal armen. No var han verkeleg usikker på om han fekk gå det tradisjonelle rennet.
– Kona mi, Ellen, sa til meg at eg måtte berre gå Sesilåmi, elles vart eg umogeleg å ha i hus, fortel Espedal. Han hadde ikkje gips, men fekk ein beskyttelse over armen. Han hadde to mål for dette løpet. Han skulle ikkje falle over ende og han skulle komma seg til mål. Med ein stav skulle han gå den fem mil lange løypa. Langs sporet stod det mange som ville tilby han ein stav.
– Eg måtte berre rope at nei, eg skal berre gå med ein stav.
FANN RYTMEN: Det heile gjekk overraskande bra, og Espedal fullførte løpet på 4 timar og 15 minutt.
– Det er mange år eg har gått på dårlegare tid enn det. Eg fann ein god fart, og då eg kom i mål, var eg mindre utsliten enn nokon gong, fortel rektoren. Han har også gått Birkebeinerrennet, men ifølgje Espedal kan det ikkje måla seg med Sesilåmi.
– Rennet er spenstig, kraftig, med variert natur. Det er fantastisk å gå. Eg er heldig som har vore frisk nok til å gå alle desse åra. Det er meir eit privilegium enn ei bragd å ha gått alle renna.
FOTO: Lars Kristian Aalgård
Kommentarer