Her er Mikal Tengesdal sine smøretips før Sesilåmi.
AV: tori pedersen
Heime før rennet:
* Legg glider for blautt føre framme og bak smørefeltet. Ved bruk av høg fluor glider får du betre gli på skiene. Ta på grunnvoks eller hardt klister i smøresonen. Det er ein fordel å setta struktur i glisonen for å betra glien på våt snø.
Det ser ut til å bli klisterføre:
* Ved bruk av Rode-klister: Legg på fiolett klister som underlag i smørefeltet. Bruk Rossa eller Rossa spesial dersom snøen er våt. Ha desse to og Multigrade klister med i sekken.
* Ved bruk av Swix: Legg på fiolett (KR40) klister som underlag i smørefeltet. Bruk KR 60 eller KR 70 ved veldig vått føre. Ha disse to og VM-klister med i sekken.
* For dei som ikkje er glad i klister kan kanskje Swix VR 65 og VR 70 brukast.
* Smørefri, «Rubba» eller Zero ski: Husk å ha silikon i festesonen for å sleppa ising dersom snøen er under null grader.
Kommentarer